1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Byggefase
  1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Fodnestunnelen i Lærdal er under oppgradering.
Foto: Statens vegvesen

Kvar?

Fylke:
Vestland
Kommunar:
Lærdal

Kva?

Dei gamle platekvelva i tunnelen skal skiftast ut og erstattast med ny vass- og frostsikring. I tillegg skal det sprengast to nye havarinisjar med tekniske bygg og monterast ny kabelstige og nytt lys i heile tunnelen.

Kvifor?

Tunnelen skal utbetrast for å møte dagens sikkerheitskrav

Kart

Planområde © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Vedlikehalsarbeida starta måndag 26. august 2024.

For å minimera ulempene for trafikantane, vert jobben gjort som nattarbeid, på den tida av døgnet det er minst trafikk. Det blir jobba i tunnelen kvar natt heile veka.

Det blir kolonnekøyring gjennom natta, tilpassa ferjetidene på sambandet Mannheller- Fodnes.

– Frå og med 9. september må vi nattestenga tunnelen kvar natt heile veka frå klokka 22.00-06.00 på grunn av sprengingsarbeid. I dette tidsrommet vert det sett opp alternativ rutetabell med nattferje Mannheller-Fodnes-Lærdal-Mannheller. Reisande med ferja 21.40 frå Mannheller vil sleppa gjennom før tunnelen stenger. Siste kolonne frå Lærdal går klokka 21.45 (med avgang frå Fodnes klokka 22.00), legg Hovland til.

Den alternative rutetabellen vil gjelda i perioden med nattestengd tunnel, frå 9. september i år til 31. mai 2025, med nokre tilpassingar opp mot heilagdagar. For oppdatert rutetabell til ei kvar tid.

Nettene der tunnelen er stengd, vil det ikkje vera mogleg med transport av farleg last som inneber avgrensingar i passasjertalet på ferja. Det opplyser ferjeoperatør Norled.

Finansiering:
Stat
Oppstart:
August 2024
Antatt opna:
Desember 2026

Meir om prosjektet

Arbeidet er ikkje ei totaloppgradering av tunnelen i henhold til Tunnelsikkerheitsforskrifta (TSF), men er likevel eit stort og viktig arbeid som er ein del av Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag med å drifta og vedlikehalda riks- og europavegnettet.

Kontaktar

Sveinung Hovland

Prosjektleiar
Telefon:
E-post: