Skal du køyre E16 mellom Bergen og Lærdal?
Det vil frå hausten 2026 vere lengre periodar med stengde vegar og omkøyring på E16 mellom Bergen og Lærdal. Vi tilrår at du planlegg reisa før du køyrer.
Statens vegvesen sine prosjekt
Kva skjer?
Frå hausten 2026 vil det bli krevjande å køyre fleire stadar mellom austlandet og vestlandet. Spesielt krevjande blir det på E16 mellom Lærdal og Bergen, då det vil vere fleire større anleggsarbeid på vegen samtidig dei neste åra.
For å sikre ein trygg og føreseieleg reisekvardag for alle trafikantar må vi vedlikehalde og oppgradere vegnettet. Det er dessverre ikkje mogleg å gjennomføre anleggsperioden utan at det skaper utfordringar for deg som trafikant.
Korleis påverkar det deg?
- Lærdalstunnelen vil frå hausten 2026 til hausten 2028 vere stengd for gjennomkøyring mellom kl: 18:00 og 06:00. Etter hausten 2028 og i ca. to år framover vil det bli lysregulering gjennom tunnelen mellom kl: 18:00 og 06:00.
- Mellom Arna og Stanghelle blir det arbeid ved Romslo, Trengereid, Langhellevegen, Gamle Fossen og Dalehagen. Arbeida vil medføre behov for mellombelse omkøyringar og kolonne.
- Det pågår eit arbeid med å utbetre vegen mellom Åsbrekkegjelet og Skromle bru, sør for Vinje. Her er det i dag lysregulering på strekninga, men vegen skal stå ferdig i løpet av hausten 2026.
- Vegvesenet skal også utføre rutinemessig vedlikehald, som vask og reinsk av tunnelar, mellom Bergen og Lærdal. Desse arbeida er kortvarige og vil bli utført på nattestid, men kan også medføre omkøyringar eller kolonne.
I tillegg vil følgjande prosjekt på aust- og vestlandet påverke framkomsten for trafikantantane:
- I Fodnestunnelen mellom Lærdal og ferjesambandet Mannheller-Fodnes føregår det vedlikehaldsarbeid. Her er det i dag kolonnekøyring gjennom tunnelen. Arbeidet skal vere ferdige på nyåret.
- På riksveg 52 i Hemsedal skal vegen bli utbetra på to stadar for å fjerne flaskehalsar og gi betre framkomst. Vegen vil bli stengd i inntil 30 minutt på grunn av sprengingsarbeid.
- I Flå kommune i Hallingdal på riksveg 7 skal Statens vegvesen utbetre vegen ved fleire punkt. Vegen vil bli stengd i inntil 20 minutt på grunn av sprengingsarbeid.
Kva kan du gjere?
Vi tilrår at du planlegg reisa di dersom du skal køyre mellom austlandet og vestlandet, og spesielt på E16 mellom Bergen og Lærdal. Det er lurt å bruke vegvesen.no/trafikk før du køyrer. Der kan du legge inn reisetidspunkt og reisemålet ditt, og få tilrådd rute basert på oppdatert informasjon frå anleggsarbeida. I appen kan du òg setje opp varsel for ulike stader og strekningar, og få status på vegtilhøva. Du kan lese meir om trafikk-appen her.
Vi oppmodar deg til å reise på dagtid, og vurdere om du kan ta i bruk alternative ruter.
Korleis kan du planlegge reisa?
- På vegvesen.no/trafikk kan du søke opp strekninga du skal køyre og sjekke trafikkmeldingane som gjeld for turen din. Her kan du også planlegge reisa fram i tid og få tilpassa reiserute ut i frå trafikkmeldingane.
- I trafikkappen til vegvensenet kan du legge inn varsel for aktuelle stader og tunnelar, og dermed få beskjed dersom trafikkbiletet endrar seg. Her kan du òg sjå status på fjellovergangar og vêrutsette vegar.
Relevante lenker
- Vegvesenet.no/trafikk
- Informasjon om vegvesenets trafikk-app
- Skyss reiseplanleggar
- EnTur reiseplanleggar
- Vy reiseplanleggar
- NOR-WAY ekspressbuss reiseplanleggar
- Kart over anleggsarbeid på E16 mellom Bergen og Lærdal (PDF)
Ønskjer du å melde deg på nyheitsbrev med oppdateringar frå prosjektarbeidet til Lærdalstunnelen og Fellesprosjektet Arna-Stanghelle kan du følge lenkene under.
- Førehandspåmelding for nyheitsbrev frå Lærdalstunnelen
- Påmelding for nyheitsbrev frå Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Kontaktperson mediehenvendingar
Stig Berg-Thomassen - Prosjektsjef for Tunneloppgradering i vest og
sør-aust i Statens vegvesen
- E-post: stig.berg-thomassen@vegvesen.no
- Tlf: 97583988
Karoline Rage - Kommunikasjonsrådgjevar
- E-post: karoline.rage@vegvesen.no
- Tlf: 47644964