E16

Utgreiing

Val av alternativ

Reguleringsplan

Bygging blir førebudd

Byggefase

Opna

E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru.
Foto: Vegard Klette, Statens vegvesen

Kvar?

Fylke:
Vestland

Kommunar:

Voss

Kva?

Utbetring for forsterka midt- og kantoppmerking.

Kvifor?

Strekninga er i dag smal, utan gul stripe og her er dårleg sikt. På bakgrunn av dette vil ein no breiddeutvide vegen slik at strekninga oppfyller krava til forsterka midt- og kantoppmerking.

Kart

E16 Åsbrekkegjelet–Skromle bru © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Framdrift

Statens vegvesen skal i samarbeid med Voss herad i gang med å lage detaljreguleringsplan for prosjektet E16 Åsbrekkegjelet–Skromle bru Utbetring for forsterka midt- og kantoppmerking og ber no om innspel til arbeidet.

Tiltaket medfører nødvendig langsgåande utviding av dagens veg over ca. 3 km. Det skal også vurderast skredsikring av skredpunkta Rinden sør og nord, og Bjørkeli sør og nord.

Arbeidet medfører også bla. kurveutbetring, utbetring av sideterreng og naudsynt omlegging av avkøyrsler. Målet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga.

Planarbeidet skal elles ha særskild fokus på tilhøvet til verna vassdrag, flaum, skred og jordvernomsyn i tillegg til trafikktryggleik.

Statens vegvesen har i samråd med Voss herad vurdert at prosjektet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter §10, bokstav b) innan fagtema kulturarv grunna at Kongevegen ligg parallelt med E16 innan planområdet.

Framdrift og frist for innspel

Synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar sendes skriftleg innan 26.05.2021.

Plangrensa er endra noko i sør i høve til grense varsla 21. april 2021 av omsyn til Kongevegen.

Føremålet med reguleringsplanen er å regulere areal til utviding av eksisterande europaveg mellom Åsbrekkegjelet og Skromle bru.

I arbeidet med reguleringsplanen er det kome fram at plangrensa bør utvidast i sør av omsyn til Kongevegen. Tiltaket er vurdert til å utløyse krav om konsekvensutgreiing etter §10, bokstav b) innan fagtema kulturarv. Kongevegen går paralelt med E16 på deler av strekninga. For å få regulert føremål og omsynssone på ei heilskapleg veglenke av Kongevegen utvidar Statens vegvesen no plangrensa, i samarbeid med Voss herad.

 

Vi ber om at innspel vert sendt Statens vegvesen innan 17. desember 2021.

 

 

Detaljert reguleringsplan  for utviding av eksisterande E16 Åsbrekkegjelet–Skromle bru er no til offentleg ettersyn med høyringsfrist 05.04 2022.

Planforslaget

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å regulere areal til utviding av om lag 3 km av eksisterande E16 mellom Åsbrekkegjelet og Skromle bru for å etablere forsterka vegoppmerking på strekninga. Strekninga er utsett for sørpeskred, og planforslaget inneheld også skredsikringstiltak for å hindre skredhendingar ned på europavegen. Høyringsperiode 18.02.2022–05.04.2022. 

Statens vegvesen har i samråd med Voss herad vurdert at prosjektet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter §10, bokstav b) innan fagtema kulturarv grunna at Kongevegen ligg parallelt med E16 innan planområdet. Konsekvensutgreiinga er vedlagt planen.

Spørsmål eller ynskje om plan i papirform rettast til Runa Aaland Eggum, telefon 95 75 61 06 eller e-post .

Det er også utarbeida ei kartforteljing som gjev deg eit overblikk over planforslaget i 3D:

Fakta og nøkkeltal

Lengde:
3100 meter
Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2022–2033

Meir om prosjektet

Strekninga mellom Skromle bru og rasteplassen i Åsbrekkegjelet er smal og utan gul stripe, med svake vegskuldrar og mange utforkøyringar. Risikoen for møteulukker er også stor då det er smalt mellom rekkverka.

Forsterka midtoppmerking (FMO) har vist seg som eit særs effektivt og rimeleg tiltak mot møte- og utforkøyringsulukker.

På bakgrunn av dette vil ein no breiddeutvide vegen slik at strekninga oppfyller krava til forsterka midt- og kantoppmerking. Tiltaket medfører utviding av dagens veg over ca. 3 km.

Størstedelen av planen består av nødvendig langsgåande utviding på oversida av dagens E16, kurveutbetring og omlegging av avkøyrsler der det er naudsynt. Det skal også vurderast skredsikring av to kjente skredpunkt, Rinden sør og nord og Bjørkeli sør og nord, som tidvis er utsett for sørpeskred.

Då dagens E16 ligg langs Strandaelvi, som er del av det verna Vossovassdraget, er ei av hovudutfordringane til prosjektet nærføringa til naturvernområde. Den høge skjeringa Kvarmakløvet er også ei av utfordringar med tiltaket. Planarbeidet skal ha særskilt fokus på tilhøvet til verna vassdrag, flaum og skred, i tillegg til trafikktryggleik.

Vurdering av KU-plikt

Statens vegvesen har i samråd med Voss kommune vurdert at prosjektet utløyser krav om konsekvensutgreiing innan fagtema kulturarv. Parallelt med E16 innan planområdet ligg Kongevegen som gjekk mellom Bergen og Christiania. Kongevegen er i dette området ikkje registrert i detalj, og ein har såleis ikkje fullstendig oversikt over kor den er bevart og kor intakt den er i heile området.

Kontakt

Kontaktar

Lars Inge Jakobsen

Prosjektleiar
Telefon:
948 53 509
E-post:

Vegard Klette

Byggeleiar
Telefon:
982 59 563
E-post: