Måndag startar nattestenginga av Lærdalstunnelen
Måndag 16. november kl. 18.00 startar oppgraderinga av E16 Lærdalstunnelen. Trafikantane må vere obs på 12-timars nattestengingar og tilpasse reisevanane.
Den 26 år gamle tunnelen må oppgraderast til dagens standard, og blir stengt kvar natt frå kl. 18.00 til 06.00, bortsett frå natt til søndag. Eit omfattande sprengingsarbeid skal utførast i den 24,5 km lange tunnelen, og dette gjer det nødvendig med lange stengingar på kveld og natt for å få rask framdrift på arbeidet.
- Me forstår at stengingane blir utfordrande for både lokaltrafikken og for dei som skal mellom aust- og vestlandet. Framover blir det viktig at folk bereknar god tid for å rekke fram til tunnelen før kl. 18.00. Kjem ein for seint, er neste sjans til å køyre gjennom kl. 06.00 neste morgon, seier prosjektsjef Stig Magnus Berg-Thomassen i Statens vegvesen.
For lokale bebuarar i Aurland og Lærdal blir det eit busstilbod med tre avgangar på kveldstid frå begge sider av tunnelen med avgang kl. 17.30, 20.30 og 22.30. Elles skal utrykkingskøyretøy sleppe gjennom tunnelen så fort som det er mogleg når det står om liv og helse.
- Planlegg reisa di
Statens vegvesen tilrår at du planlegg reisa di dersom du skal køyre E16 mellom Austlandet og Vestlandet framover, og spesielt vere merksam på trafikkhindringar mellom Bergen og Lærdal. Det er lurt å bruke vegvesen.no/trafikk før du køyrer, og installere Vegvesenet sin Trafikk-app på mobilen. Vi oppmodar deg til å reise på dagtid, og vurdere om du kan ta i bruk alternative ruter.
Rv. 7 Hardangervidda blir ein viktig alternativ rute mellom aust og vest, og i tillegg kjem Vikafjellet inn som eit alternativ for trafikken mellom Indre Sogn og Bergen. På ferjesambandet Vangsnes-Hella blir det no to ekstra avgangar på nattestid mellom kl. 02.00 og 06.00, slik at sjåførar kan nytte Vikafjellet som alternativ rute, så sant fjellet er opent.
Fjell eller tunnel
Lærdalstunnelen er ei viktig transportåre mellom aust og vest. Difor skal tunnelen haldast open når Hardangervidda er stengd på grunn av uvêr om vinteren. Dette er det kontraktsfesta at entreprenøren må tilpasse seg.
Det er Skanska saman med Vassbakk og Stol som skal gjere oppgraderinga, og på dagtid vil dei utføre arbeid som ikkje krev stenging. Då vil tunnelen vere open for trafikk, men vil bli snevra inn til eitt køyrefelt på korte strekningar med lysregulering. Ein må rekne med inntil 15 minutt lenger reisetid gjennom tunnelen på dagtid.
Blir over 100 personar på anlegget
Den siste månaden har entreprenøren klargjort for oppstart, mellom anna ved å sette opp hovudbrakkeleir for rundt 90 personar, fått på plass bemanning og satt opp haller for verkstad og lager. Det vil vere over 100 personar på anlegget når aktiviteten er på topp.
To tunnelriggar skal bore og sikre i tunnelen under sprengingsarbeida, og entreprenøren skal jobbe seg innover frå Aurland-sida. Den første salva går av måndag kveld.
Perioden med 12-timar stengingar vil vare i rundt 1 ½ år, og deretter vil ein få kortare nattestengingar og gradvis meir open tunnel. Oppgraderinga skal vere ferdig hausten 2029.
Les meir om arbeida og dei ulike prosjekta på informasjonssidene til Statens vegvesen.
Pressekontakt:
- Stig Magnus Berg-Thomassen
- Prosjektsjef for Tunneloppgradering i vest og sør-aust i Statens vegvesen
- E-mail:
- Tlf: +47 97 58 39 88