Artikkelen er frå 2008, og innhaldet kan vere utdatert.

Klokka 15.00 i går ettermiddag vart den siste salva i Støylsnestunnelen avfyrd. Ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal fekk æra av å tenne lunta til den siste salva. - Dette er ein viktig milepæl på veg mot ein rastrygg veg langs Kjøsnesfjorden, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen nøgd.

Vel ni månader etter at den første salva vart avfyrd, vart gjennomslagssalva avfyrd i Støylsnestunnelen i går. Hausten 2009 er det duka for opning av tunnelen og resten av rassikringsprosjektet langs Kjøsnesfjorden.

- Prosjektet omfattar tunnelen på 2660 meter, 800 meter veg i dagen og fire rasvollar, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen.

Prosjektleiar Odd Erik Haugen og ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal. 25. november 2008.
Prosjektleiar Odd Erik Haugen og ordførar i Jølster, Gerd Dvergsdal. Foto: Julie Engelien Bjørlien, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland