I haust har trafikantar i Hallingdal sett stor aktivitet med bormaskiner ved rv. 7 i Flå. Der er nokre av geoteknikarane våre og grunnborarar på jobb.

her tas det miljøprøver av sjøbunn fra flåte
Heile teamet i arbeid med miljøprøver frå sjøbotnen i Krøderen, far og son Thorvik og kollega Robert Kristensen. (Foto: Stein Thorvik)

-Me planlegg 12 kilometer med dels ny og dels utbetra rv. 7 langs Krøderen frå Ørgenvika i Krødsherad til Gulsvik i Flå, fortel planleggingsleiar i Statens vegvesen, Simen Aastorp Haga. I 2024 er det 10 år sidan vegen frå Ringerike mot Hallingdal vart kortet inn med nesten to mil, då rv. 7 Sokna-Ørgenvika vart opna. Det er håp om å få vegstrekningen fra Ørgenvika inn i Nasjonal Transportplan i neste periode som er fra 2025 og vidare.

Geoteknikk og geologi

Henrik Lissman er fagansvarleg for geoteknikk på Utbyggingsdivisjonen. Han er ein av om lag 30 geoteknikarar i Statens vegvesen knytte til utbygging og drift og vedlikehald.

brmaskin i aksjon på land ved skjæring til riksvegen på venstre hånd
Her blir det teke grunnprøver i skjering ved Leknesodden tett på rv. 7 til venstre. (Foto: Stein Thorvik)

-I dei fleste av oppdraga våre, som rv. 7 i Hallingdal, jobbar geologar, geoteknikarar og andre fagfolk innan geofagene saman for å løysa oppgåvene. Geologi handlar om fjell og bergartar. Geoteknikk om lausmassar som sand, grus, silt (finkorna jord) og leire. Teikningar/rapportar og modellar for kartlegging av grunnforhold blir til dømes gjennomgått av fleire fag/disiplinar før dei blir ferdigstilte, fortel Lissman.

Dette blir undersøkt

Som underlag for å planleggja grunnundersøkingar blir nytta tidlegare grunnundersøkingar, gamle og nye kart og flybilete. Me ser mellom anna etter kvar det har vore endringar i terrenget, t.d. fyllingar. Me bruker også kvartærgeologisk kart / marin grense, NVE temakart og synfaringar for å kartleggja berg i dagen, eventuell erosjon og liknande. Det kvartærgeologiske kartgrunnlaget gir ei oversikt over landskapsformande prosessar over tid, og dessutan fordelinga til lausmassane og forventa eigenskapar.

vegvesenmann på jobb ved jordskred
Fagansvarlig for geoteknikk på divisjon utbygging, Henrik Lissman, på jobb ved raset i Tosbotn i Nordland på fv.76 mot Brønnøysund i 2016. (Foto: Ida Bohlin)

Seismikk i tillegg

I tillegg til ordinære grunnboringar kan det bli utførte seismiske undersøkingar (refraksjonsseismikk) for å undersøkja kor langt ned i bakken me må for å finna berg og for å kartleggja om berga er i god eller dårleg forfatning til til dømes bygging av brufundament og tunnelpåhugg. Seismikk er lydbølgjer som avbildar joprdskorpa. Som ein del av slik grunnundersøkingar blir det også gjort miljøgeologiske undersøkingar for å sjå om lausmassane er forureina, fortel han.

vegvesenmann på befaring ved bru og veg
Planleggingsleiar Simen Aastorp Haga på synfaring i det aktuelle området ved rv. 7 i Gulsvik. (Foto: Kjell Wold)

Datarapport om grunnundersøkingar

Geoteknisk datarapport er ei samanstilling av faktiske resultat frå utførte geotekniske grunnundersøkingar. Resultata er presenterte i geotekniske termar og krev geoteknisk kompetanse for vidare bruk i rådgivings- og prosjekteringssamanheng og som del av tilbudsgrunnlag for anbudskonkurransar. Resultat frå dei geotekniske vurderingane blir presenterte i eigne rapportar.

flåte i sjø med bormaskin på
Frå denne flåten blir det gjort både grunnboringar og takast miljøprøver i innsjøen tett på rv. 7 i bakgrunnen. (Foto: Stein Thorvik)

Geotekniske vurderingsrapportar

I planarbeidet fram mot forslag til ein reguleringsplan, blir det jobba vidare med detaljering av løysingar. Det blir utarbeidd vurderingsrapportar for geoteknikk med skildring av løysingar. Dei geotekniske rapportane omfattar mellom anna skildring av grunnforhold, stabilitetsberekningar, utgreiing av områdestabilitet, skildring av stabiliserande tiltak med meir. Framdrift av geotekniske vurderingar følgjer anna arbeid med reguleringsplanen.

grunnborer på jobb fra flåte
Grunnborar Stein Thorvik i aksjon på Krøderen utanfor Gulsvik i Flå kommune. (Foto: Bjørn Magnar Thorvik)

113 pluss 130 boringar

-Denne hausten blir gjorde ekstra grunnundersøkingar på strekninga Lindelien-Kittilsviki i Flå, fortel planleggingsleiar Simen Aastorp Haga. Det blir utført for å få så god oversikt over dei stadlege forholda som mogleg. - Jo meir me veit, jo tryggare kan me vera på løysinga. Djupn til fjell og samansetning av lausmassar- sand, silt (finkorna jord), eller leire, fortel Simen Aastorp Haga.

Betre datagrunnlag – mindre uvisse

I juni 2020 vart det utført grunnundersøkingar som del av reguleringsplanarbeidet. Det omfatta i alt 113 totalsonderingar, både på land og i vatn. Mot slutten av arbeidet med reguleringsplanen vart det klart at det var ønskjeleg med fleire grunnundersøkingar. Derfor skal om lag 130 boringar utførast no i haust.

tegning/modell av ny vegskjæring
Modell av skjering som skal byggjast ved Leknesodden sør for Gulsvik. (Illustrasjon: Stener Sørensen AS og Efla AS)

Han påpeikar at det spesielt i samband med nye brukonstruksjonar og fyllingar i vatn er nyttig kunnskap for det vidare arbeidet. Godt datagrunnlag reduserer også uvissa i gjennomføringsfasen og sjansane for kostnadsdrivande hendingar som følgje av for svakt datagrunnlag.

Miljøprøver av sjøbotnen

Reguleringsplanen for riksveg 7 Lindelien-Kittilsviki var på høyring tidlegare i haust. I tillegg til grunnundersøkingane blir det også teke 40-50 miljøprøver av sjøbotnen i Krøderen som grunnlag for vidare arbeid i prosjektering og gjennomføringsfasen. Grunnundersøkinga starta i september og vil gå føre seg fram mot jul. Derfor boras det både under vatn fra flåte på fjorden og i terrenget langs vegen.

mann på jobb på flåte på innsjø
Grunnborar Bjørn Magnar Thorvik på jobb ute på Krøderen ved Gulsvik i Hallingdal. (Foto: Stein Thorvik)

 

Aktuelt for fylke: Viken