I førre veke vart planforslaget for Lindelien-Kittilsviki oversendt Flå kommune. Planen kan bli vedteken 14. desember.

Gulsvik i Flå med rv. 7
Plan for rv. 7 ved Gulsvik kjem snart til behandling. (Foto: Kjell Wold)

Fredag 23. november sende Statens vegvesen planforslaget sitt for strekninga rv. 7 Lindelien-Kittilisviki til Flå kommune.

Ruguleringsplanen var på høyring i perioden 1.august til 20. september. I tiden etter høyringa har Statens vegvesen i samarbeid med konsulent Efla og Stener Sørensen behandla merknader og gjort endringar av planforslaget.

rv. 7 sørover fra Trommald ved Gulsvik i Hallingdal
Sørover frå Trommald kan vegen bli utvida med forbikøyringsfelt i begge retningar. (Foto: Kjell Wold)

Administrasjonen i Flå kommunen skal no skriva saksframlegg med tanke på behandling i kommunestyret 14. desember.

Går det som Statens vegvesen håpar kan dermed reguleringsplanen for strekninga Lindelien-Kittilsviki ved Gulsvik vart vedteken ei veke før jul.

Aktuelt for fylke: Viken