Rv. 7 Ny Erdal bru
Kvar?
- Fylke:
- Vestland
- Kommunar:
- Eidfjord
Kva?
Formålet med prosjektet er ny bru over Erdalsvassdraget i Erdal. Brua vil ha større opning og betre kapasitet til å handtere store vassmengder.
Kvifor?
Uveret Jakob, som råka 01.11.2024, gjorde store skadar på elveløpet og den eksisterande brua ved Erdal.
Kart
Framdrift
Våren 2026: Sender reguleringsplan på høyring
Aktuelt
-
Varsel om oppstart av reguleringsplan Rv.7 Ny Erdal bru
— Statens vegvesen skal i samarbeid med Eidfjord kommune setje i gang arbeidet med ein reguleringsplan for ny bru ved Erdal langs Rv.7 i Eidfjord.
Fakta og nøkkeltal
- Lengde:
- 200 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Gjennomføringsplan 2022–2027
- Totalkostnad:
- 50 millioner kroner
- Oppstart:
- Våren 2027
- Antatt opna:
- Hausten 2027
Meir om prosjektet
Høg vassføring i Erdalsvassdraget under uveret Jakob førte til at tre og plastringsstein trefte Erdal bru og riksveg 7. Dette førte til at vegen periodevis var heilt stengd, og seinare vart eitt felt opna for trafikk. Dagens bru er ikkje i stand til å handtere vassmengdene ved ei 200-årsflaum, og ein ønskjer derfor å byggje ei ny og lengre bru.
Den nye brua vil i hovudsak liggje på same stad som den eksisterande brua, men vil ha større lysopning og dermed kunne handtere større vassmengder. Viktige tema i planarbeidet vil vere flaumtryggleik, hydrologi og trafikktryggleik. Det må etablerast ei mellombels bru i anleggsperioden.