Varsel om oppstart av reguleringsplan Rv.7 Ny Erdal bru
Statens vegvesen skal i samarbeid med Eidfjord kommune setje i gang arbeidet med ein reguleringsplan for ny bru ved Erdal langs Rv.7 i Eidfjord.
Vi ber om innspel til arbeidet og inviterer til ope informasjonsmøte 11.06 kl. 18:00 på Sentrumtunet, Lægreidsvegen 2, 5783 Eidfjord.
Bakgrunn for reguleringsplanen
Uveret Jakob, som råka 01.11.2024, gjorde store skadar på elveløpet og den
eksisterande brua ved Erdal. Høg vassføring i Erdalsvassdraget førte til at tre og plastringsstein trefte Erdal bru og Rv. 7.
Dette førte til at vegen periodevis var heilt stengd, og seinare vart eitt felt opna for trafikk. I etterkant av uveret har Statens vegvesen gjennomført opprydding i elveløpet for å sikre den eksisterande brua.
Dette arbeidet omfatta bygging av natursteinsmur oppstraums og nedstraums. Det vart òg gjort mindre tiltak rundt brua.
Dagens bru er ikkje i stand til å handtere vassmengdene ved ei 200-årsflaum og ein ønskjer derfor å byggje ei ny og lengre bru
Beskriving av prosjektet
Planområdet omfattar eksisterande Rv. 7 ved Erdal, og reguleringsplanen skal i hovudsak gjelde ny bru ved Erdal. I samband med dette kan det bli aktuelt å sanere og samle avkøyringar som ligg tett inntil brua.
Planområdet omfattar eigedomane gnr./bnr. 3/1, 3/3, 3/8, 3/9, 3/29, 3/30, 3/31, 3/32 og
3/34. Det kan vere andre som har interesser i saka, og det kan òg vere at nokre av dykk som får dette brevet ikkje har interesser i området. Endeleg storleik på planområdet vil bli avklart i reguleringsplanprosessen.
Den nye brua skal liggje på same stad som dagens bru. Ho vil bli lengre og få større
kapasitet til å handtere store vassmengder. Det vil bli behov for å justere eksisterande
plastring og murar både oppstraums og nedstraums.
Under bygginga vil det vere nødvendig med ei mellombels bru for å sikre trafikkavvikling.
Gjeldande planar:
Planområdet er delvis omfatta av reguleringsplanen «2010003 Eidfjord hyttegrend». Resten av området er i kommuneplanen sett av til LNF-område (landbruk, natur og friluftsliv).
ROS-anlayse:
Det skal gjennomførast ei ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse) i samband med
reguleringsplanarbeidet.
Framdrift og frist for innspel:
Når merknadsfristen er ute, vil Statens vegvesen gå gjennom alle merknader og innspel.
Innspela vil ikkje bli svara ut direkte, men vil bli kommenterte og vurderte i plandokumenta.
Når planforslaget er klart, vil det bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Då vil det
vere mogleg å kome med nye merknader før politisk handsaming.
Målet er at planforslaget blir lagt ut til offentleg ettersyn vinteren 2026, og at det blir
vedteke våren 2026.
Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 20.06. Send det
skriftleg til:
• Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
eller på e-post til:
•
Merk brevet eller e-posten med saksnummer: 25/69506
Aktuelt regelverk:
Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd i samsvar med §§ 12-3 og 3-7 i same lov.
Ta gjerne kontakt:
Har du spørsmål om planarbeidet, kan du kontakte planleggingsleiar Torkel Halsteinslid
Manne på e-post: torkel.halsteinslid.manne@vegvesen.no
Du kan finne meir informasjon om planarbeidet på:
https://www.vegvesen.no/nn/vegprosjekt/riksveg/rv7nyerdalbru
Med hilsen
Torkel Halsteinslid Manne
Planleggingsleder