God jul frå Sotrasambandet
Når vi no nærmar oss jul og årsskiftet, vil vi takke alle naboar, trafikantar og lokalsamfunnet for tålmod og godt samarbeid gjennom endå byggeår.
Det har gått to år og ni månadar sidan første offisielle spadetak på Kolltveit i mars 2023. Så langt er det lagt ned heile 3,6 millionar arbeidstimar i prosjektet, og på det meste har 1 250 personar vore i sving ute på anleggsområda. Talet på salvar som har gått av, nærmar seg 6 000.
Brutårna ferdige
2025 har vore eit svært produktivt år og markerer ein viktig milepåle i eitt av Noregs største vegprosjekt. Vi har fullført bygginga av dei to brutårna som skal bere vekta av den nye brua. Tårna ruvar no 145 meter over bakken, og over 7 000 kubikkmeter betong har gått med i arbeidet.
I 2026 går prosjektet inn i ein ny og spennande – men også krevjande – fase, nemleg kabelarbeidet på den nye brua. Dette er avanserte arbeidsoperasjonar som krev stor presisjon og er særleg avhengige av gode vêr- og vindforhold.
Vi vil i enkelte periodar i 2026, første gongen i slutten av januar, måtte stenge Sotraleden for skipstrafikk på grunn av arbeidet. Dette vil bli varsla på nettsidene våre og i sjøkart (Efs) hjå Kartverket.
Straumsundbrua ferdig
Forutan Nye Sotrabru har ei lang rekkje konstruksjonar også byrja å ta form langs traseen. Både gang- og sykkelbruer, kulvertar, støttemurar og nye rundkøyringar blir stadig fleire i talet.
Ny bru over Straumsundet er ferdig støypt, og vi er godt i gang med å støype brudekket på brua over Bildøystraumen. I dagsona på Kolltveit er nesten alt av arbeid ferdig, og delar av vegen skal leggjast om til ny trase på nyåret.
Samstundes har vi oppnådd gjennomslag i alle vegtunnelane på sambandet, inkludert gang- og sykkeltunnelar. Arbeidet med å innreie tunnelane er også starta. Dette omfattar sprøytebetong på tunneloverflatene, montering av ankarboltar og etablering av straum, vatn og avløp. Det skal òg monterast prefabrikkerte element langs tunnelveggane, såkalla foringar.
Dette arbeidet vil pågå for fullt i 2026
Den siste fasen inneber installasjon av belysning, vifter, brannsløkkingsutstyr og tryggleikssystem. Deretter følgjer omfattande testing av tryggleikssystema før tunnelane kan godkjennast og opnast for trafikk.
Omleggingar på Storavatnet
På Storavatnet i Bergen vest vil publikum og trafikantar oppleve store endringar i tida framover. Ny gang- og sykkelbru, rampesystem og nye vegbruer over eksisterande vegnett må på plass før den nye vegen kan åpne.
Vi kjem attende med meir informasjon i god tid før endringar trer i kraft, og vil til ei kvar tid gjere det vi kan for å redusere ulempene for trafikantane. Samstundes er det uunngåeleg at trafikken blir påverka når ny veg skal byggjast parallelt med eksisterande veg.
Takk for tålmodet
Vi vil igjen takke naboar og trafikantar for godt samarbeid og stort tolmod gjennom året som har gått. Vi veit det er krevjande å bu, arbeide og ferdast midt i eit anleggsprosjekt av denne storleiken.
No tek prosjektet juleferie på dei fleste anleggsområda, men noko gravearbeid vil halde fram mellom jul og nyttår.
Med ønskje om ei fredeleg jul og eit riktig godt nytt år.
Helsing frå prosjektleiinga for Sotrasambandet i Statens vegvesen, Sotra Link og Sotra Link Construction.