Vegvesenet heldt stor skredøving med alle naudetatar
Det er framleis snø i høgfjellet, så snøskredfaren er enno ikkje over. Statens vegvesen heldt nyleg ei stor skredøving med alle naudetatar.
– Det å få øva på eit scenario saman med naudetatane er viktig og medverkar til læring og kvalitsforbetring. Men det aller viktigaste er at me byggjer tillit mellom etatane og får delteke med den breidda me har av ressursar når ei hending skjer, seier Henny-Kristin Asperanden Navarsete, rådgjevar beredskap og samfunnstryggleik.
Sjølv om SVV ikkje har blått, men gult lys på taket er me ein svært viktig aktør når hendingar skjer, legg ho til.

Eksternt ynskje om fullskala-øving
Statens vegvesen la til rette for denne øvinga etter eit møte med politiet, naudetatar og frivillige.
Der kom det eit ynskje om å få gjennomført ei fullskalaøving med bil teken av skred, noko fleire av deltakarane ikkje hadde vore med på før.
– Statens vegvesen tok ballen, snudde oss rundt og fekk dette på plass på kort tid. Snø er jo relativt sesongbasert, seier Navarsete.
-
Bilde 1 av 9: Statens vegvesen arrangerte stor skredøving med alle naudetatar. Foto: Jens Øyen Tveit, Statens vegvesen -
Bilde 2 av 9: Skredøvinga vart halden like ved riksveg 5, på rasteplassen ved Vatnasete i Sogndalsdalen. Foto: Jens Øyen Tveit, Statens vegvesen -
Bilde 3 av 9: Avdelingsdirektør Svenn Finden startar øvinga på samband. Representantar frå VTS Vest i bakgrunnen. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen -
Bilde 4 av 9: Røde Kors-mannskapar grev. Politiet sin spesialtrente hund markerer på noko Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen -
Bilde 5 av 9: Når bilen var lokalisert i dei store snøskredmassane, måtte ei gravemaskin til for å grava han heilt fram. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen -
Bilde 6 av 9: Gravemaskina dreg bilen ut. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen -
Bilde 7 av 9: Det vart funne éin person inne i bilen. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen -
Bilde 8 av 9: Øvinga fekk ny dramatikk då det ikkje berre vart funne ein person i bilen, men og ein i skredmassane over bilen. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen -
Bilde 9 av 9: I tillegg til Statens vegvesen (også representert ved VTS) deltok både brannvesen, politi, ambulanse, Redningsselskapet, Røde Kors, skredgruppa lokalt, sivilforsvaret, Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune på øvinga. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Desse deltok
Både brannvesen, politi (med søkshund), ambulanse, Redningsselskapet, Røde Kors, skredgruppa lokalt, Sivilforsvaret, Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune var med på øvinga som fann stad på rasteplassen ved Vatnasete i Sogndalsdalen, ved riksveg 5 nordvest for Sogndal.
Ved å leggja øvinga til rasteplassen, og varsla på førehand, vart ikkje trafikken i området hindra dei føremiddagstimane øvinga fann stad.
På førehand var det grave ned ein bil med redningsdokke i store snømassar.
Statens vegvesen var på øvinga representert ved både Vegtrafikksentralen (VTS), byggeleiarar/byggherrevakt, geologar og stadleg avdelingsleiing for drift og vedlikehold.
VTS, byggjeleiarar i driftskontraktane/byggherrevakter og geologar i tillegg til entreprenørane representerer grupper som er spydspissar i beredskapen i når det skjer naturhendingar på vegane våre, forklarar Navarsete.
– Før me tok turen ut i felten, hadde me ein teoridel innandørs, med innlegg frå fleire av deltakarane om ulike sider ved det å handtera ei skredhending. Det vert jobba godt preventivt med dette, både i Statens vegvesen og naudetatane, avsluttar ho.
Les meir om Statens vegvesen sin skredberedskap på våre skredsider.