Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Gravensteinsgata på riksveg 5 får gang- og sykkelveg, i tillegg til ei ny rundkøyring.

Tilbodet for gang- og sykkelveg med fortau på nordsida av riksveg 5 gjennom Sogndal sentrum, og rundkøyring i krysset mot Dalavegen på fylkesveg 5613, er no opna. Alle tilboda er ekskl. mva.

TilbydarTilbodssum ekskl. mva
Kveen AS40.291.111
Mesta AS43.711.587
Entreorenørservice AS54.744.359

– Vi er nøgde med deltakinga i konkurransen. Mesta er ein nasjonal aktør, Kveen AS er frå Stryn, og Entreprenørservice AS kjem frå Førde. Det er store og seriøse tilbydarar som er interesserte i dette oppdraget. No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna tilboda, og tek sikte på at vi kan underteikna kontrakt med den nye entreprenøren i løpet av mai, seier prosjektleiar Oddvin Hov i Statens vegvesen.

gsgata9Den 650 meter lange Gravensteinsgata, hovudgata gjennom Sogndal, skal oppgraderast for mjuke trafikantar frå Stedje bru i vest, til rundkøyringa ved Kulturhuset i aust.
Den 650 meter lange Gravensteinsgata, hovudgata gjennom Sogndal, skal oppgraderast for mjuke trafikantar frå Stedje bru i vest, til rundkøyringa ved Kulturhuset i aust.

Betre høve for mjuke trafikantar

Det er 650 meter riksveg som skal oppgraderast. Det er snakk om strekninga frå Stedje bru i vest til rundkøyringa ved Kulturhuset i aust, og utbygginga skal gjera hovudgata sin profil betre for mjuke trafikantar.

Målet med prosjektet er nemleg å stimulera til auka sykling i Sogndal sentrum, og leggja betre til rette for gåande. Entreprenøren må leggja fram ein miljørekneskap og rapportera på CO2-utslepp frå maskinparken.

Den aktuelle strekninga vert per i dag trafikkert av om lag 9.500 køyretøy i døgnet. Ti prosent, eller 950, av desse, er tunge køyretøy.

Gravensteinsgata er den mest trafikkerte vegstrekninga i Sogndal. Lokale køyretøy utgjer mellom 60 og 80 prosent av trafikkmengda.

Startar snart

Utbygginga av Gravensteinsgata startar alt i i løpet av dei to neste månadene, anten i mai eller juni. Prosjektet skal vera ferdig i desember 2022.

Trafikkdirigeringa i anleggsperioden vil skje ved trafikklys, omkøyring og skilting.

Knutepunkt

Sør-austover fra Sogndal, langs riksveg 5, kjem ein til Sognefjorden. Ein kort ferjetur seinare er det ikkje langt til E16.

Riksveg 5 kan ein og fylgja nordvestover mot Sunnfjord der ein møter E39. Vestover frå Sogndal fylgjer ein riksveg 13.

Det er ikkje berre på riksvegnettet at Sogndal er eit knutepunkt. Nordaustover går fylkesveg 55 over Sognefjellet.

Aktuelt for fylke(r): Vestland