Du kan bestilla førarkort på Di side eller ein trafikkstasjon. Vi sender det nye førarkortet til deg i posten. Det tar vanlegvis ei veke.

Du må på ein trafikkstasjon dersom du

  • har eit bilete på førarkortet som er tatt før 1. januar 2012
  • har endra namn 
  • skal byte inn eit utanlandsk førarkort

Du må bestille time. Ta med deg gyldig legitimasjon til trafikkstasjonen. Må du ha nytt bilete, tar du det på trafikkstasjonen.

Du kan bestille førarkort på nett dersom du

  • har bestått prøva/prøvene til det første førarkortet ditt
  • har bestått prøva/prøvene ved utviding til ny klasse
  • har gjennomført obligatorisk opplæring til ein klasse eller kode som ikkje krev prøve
  • har meldt det gamle førarkortet tapt
  • vil fornye førarkortet etter gjennomført Trafikant i mørkeret (mørkekøyring) eller Sikkerheitskurs på bane (glattkøyring)
  • vil fornye førarkortet med helseattest og du har fått ein SMS om at helseattesten din er registrert

Makuler det gamle førarkortet

Dersom du har førarkort frå før, blir det ugyldig når du bestiller eit nytt. Du er ansvarleg for å makulere det gamle førarkortet ditt.

Skal du bestille nytt førarkort ved ein trafikkstasjon, tar du med deg det gamle og leverer det inn der. Dette gjeld ikkje dersom du har meldt førarkortet tapt eller stole.

Slik får du eit mellombels førarbevis

Dersom du vil køyre før du får det nye førarkortet ditt, må du bruke eit mellombels førarbevis.

Førarkort-appen viser eit mellombels førarbevis når du har bestilt nytt førarkort. Dersom det er det første førarkortet ditt, må du vente til du får varsel på SMS om at du kan ta i bruk digitalt førarkort.

Dersom du ikkje har digitalt førarkort, får du eit mellombels førarbevis slik:

  • Dersom du bestiller på nett, kan du laste det ned når du har betalt.
  • Dersom du bestiller på ein trafikkstasjon, får du det utlevert når du har betalt.

Det mellombelse førarbeviset er berre gyldig i Noreg.