Når du søkjer om førarkort, får du beskjed om du må levere helseattest eller synsattest. Her ser du kven det gjeld, og korleis du går fram.

På denne sida

Når må du levere helseattest?

Du må alltid levere helseattest dersom du skal ta førarkort i ein tung klasse for første gong. Det gjeld lett lastebil, lastebil, minibuss, buss og kompetansebevis for utrykking. Har du levert helseattest tidlegare, og han framleis er gyldig for klassen eller kompetansen du skal utvide til, treng du ikkje levere ein ny.

I andre klassar, til dømes bil, motorsykkel eller traktor, må du levere helseattest dersom du svarar «Ja» på eit av spørsmåla om helse i søknaden om førarkort. Høyr med fastlegen din dersom du er usikker.

Slik leverer du helseattest

Bestill time hos legen din for helseundersøking. Under undersøkinga går du og legen gjennom dei same spørsmåla om helse som du svarte på då du søkte om førarkort.

Nokre legar kan sende helseattesten digitalt til oss. Dersom legen din ikkje kan det, må du sende eller levere originalattesten til den lokale trafikkstasjonen din. Du må bestille time dersom du skal på ein trafikkstasjon. 


Når må du levere synsattest?

Du må levere synsattest dersom du svarar «Ja» på eitt av spørsmåla om syn i søknaden om førarkort. Det gjeld deg som har nedsett syn eller andre synsproblem som gjer at du må til optikar eller augelege. Attesten heiter «Helseattest førerett – syn». 

Slik leverer du synsattest

Bestill time hos ein autorisert optikar eller augelege. Etter undersøkinga kan optikaren eller augelegen sende synsattesten digitalt til Statens vegvesen. Du treng vanlegvis ikkje gjere noko meir sjølv.


Lever attesten i god tid

Attesten må vere registrert hos Statens vegvesen før du eller trafikkskulen kan bestille oppkøyring. Derfor bør du levere attesten i god tid.

I klassar utan oppkøyring, som moped og snøscooter, må attesten vere levert før du tar teoriprøva.

Helseattesten eller synsattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader når vi tar imot han.


Du får beskjed når attesten er registrert

Du får beskjed på SMS og e-post når helseattesten eller synsattesten er registrert hos Statens vegvesen. Du kan òg sjå status for søknadene dine på Di side.