Løyveeksamen for gods- og persontransport tar du på ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen.

Krav til kompetanse

Skal du ha løyve for gods- og persontransport, må du bestå ein løyveeksamen for å kunne dokumentere at du har tilstrekkeleg med fagleg kompetanse.

I tillegg til å ha sett deg grundig inn i kompetansekrava må du for å kunne ta løyveeksamen for gods- og persontransport, først ha bestått teoriprøven for førarkortklassane C1, D1, C eller D.

Om prøven

Løyveeksamenen består av to delprøvar, og du må bestå og gjennomføre begge delane på same dag. Prøven varer i fire timar, to timar per delprøve.

Delprøve 1 består av 40 spørsmål med fleire svaralternativ. Det er eitt rett svar på kvart spørsmål. Du må ha 80 prosent rett for å bestå eksamen.

Delprøve 2 består av 20 spørsmål. Her er det óg fleire alternativ, men det kan vere fleire rette svar på kvart spørsmål. Du må ha 60 prosent rett for å bestå eksamen.

Du får vite med ein gong om du har bestått prøven.

Oversikt over tid, antall oppgaver og tillatte feil

Gjelder fra 18. januar 2021

Løyve-prøver transport
Klassar Tid i minutt Tal på oppgåver/svaralternativ Tillatne feil Tal på rette alternativ
LOYVE, Transportøyve del 1 120  40/160 8 Ett riktig svar per oppgåve
LOYVECAS, Transportløyve del 2 120 20/120 48 Fleire riktige svar per oppgåve

Hjelpemiddel du kan bruke til eksamen

Før prøven startar får du utdelt tillatte hjelpemiddel:

  • vegliste merka «Teoriprøve»
  • kalkulator
  • kladdeark for løyveprøvar
  • penn eller blyant
  • lydstøtte på bokmål

Ved oppmøte

Løyveeksamen tar du på ein av trafikkstasjonane våre. Du må bestille time på førehand.

Ved oppmøte må du vise gyldig legitimasjon og betale for prøven. Du kan betale med kort eller kontant, kredittkort blir ikkje akseptert.

Bestått prøve

Har du bestått løyveeksamen for person- og godstransport er det krav om at du skal ha eit kompetansebevis som er gyldig innan EU/EØS. Kompetansebeviset bestiller du på Di side.

Dokumentasjon ved søknad om løyve

Skal du søke om løyve for person- og godstransport, innhentar løyvekontoret sjølv resultata frå eksamen. Du treng ikkje legge dei ved søknaden.

Ikkje bestått prøve

Om du ikkje består prøven, kan du få vite kva tema du svarte feil på, men ikkje dei konkrete spørsmåla.

Du kan melde deg opp til ny eksamen den påfølgande dagen, men vi anbefaler deg å jobbe meir med pensum før du tar prøven på nytt. Du må da gjennomføre ny eksamen i den delprøven du ikkje bestod, og betaler da berre for den.