Løyveeksamen for gods- og persontransport
Du må ha bestått teoriprøva for førarkortklasse C1, D1, C eller D, og bestått løyveeksamen for å drive gods- eller persontransport i Noreg.
Løyveeksamen for gods- og persontransport tek du på ein av Statens vegvesens trafikkstasjonar.
Krav til kompetanse
Før du kan melde deg opp til løyveeksamen, må du ha førarkort i klassane C1, D1, C eller D, eller minst ha bestått teoriprøva for ein av desse førarkortklassane.
Når du har bestått løyveeksamen, har du dokumentasjon på at du har tilstrekkeleg fagleg kompetanse for å drive internasjonal transport mot vederlag (mot betaling).
Ved oppmøte må du
- vise gyldig legitimasjon
- betale for prøva
Løyveeksamenen består av to delprøver
Du må gjennomføre begge delar same dag. Om du stryk på ei av delprøvene, kan du ta den du ikkje bestod på nytt seinare.
- Delprøve 1 består av 40 spørsmål med fleire svaralternativ. Det er eitt rett svar på kvart spørsmål. Du må ha 80 prosent rett for å bestå eksamen.
- Delprøve 2 består av 20 spørsmål med fleire svaralternativDet kan vere fleire rette svar. Du må ha 60 prosent rett for å bestå eksamen.
Oversikt over tid, antall oppgaver og tillatte feil
| Klassar | Tid i minutt | Tal på oppgåver/svaralternativ | Tillatne feil | Tal på rette alternativ |
|---|---|---|---|---|
| LOYVE, Transportøyve del 1 | 120 | 40/160 | 8 | Ett riktig svar per oppgåve |
| LOYVECAS, Transportløyve del 2 | 120 | 20/120 | 48 | Fleire riktige svar per oppgåve |
Hjelpemiddel du kan bruke til eksamen
Før prøva startar for du utdelt tillatne hjelpemiddel:
- vegliste merka «Teoriprøve»
- kalkulator
- kladdeark for løyveprøver
- penn eller blyant
- lydstøtte på bokmål
Bestått eksamen
Du får vite med ein gong om du har bestått løyeeksamen for gods- og persontransport. Hvis du har bestått ,er det krav om at du skal ha eit kompetansebevis som er gyldig innan EU/EØS. Bestill kompetansebeviset på Di side.
Dokumentasjon ved søknad om løyve
Skal du søkje om løyve for person- og godstransport, innhentar løyvekontoret resultata frå din eksamen. Du treng ikkje leggje dei ved søknaden.
Ikkje bestått prøve
Om du ikkje består prøva, kan du få vite kva tema du svarte feil på, men ikkje dei konkrete spørsmåla.
Du kan melde deg opp til ny eksamen neste dag, men vi tilrår deg å jobbe meir med pensum før du tek prøva på nytt. Du må då gjennomføre ny eksamen i den delprøva du ikkje bestod, og betaler berre for henne.