Du må bestå ein teoretisk løyveeksamen for drosje, før du kan søkje om drosjeløyve.

Dersom du fekk tildelt drosjeløyve mellom 1. november 2020 og 1. juni 2023, må du bestå ein løyveeksamen innan 1. juni 2024.

Prisen for den teoretiske drosjeløyveprøva er 570 kroner.

Du kan søkje om drosjeløyve utan å ta drosjesløyveeksamen dersom du oppfyller eitt av desse krava

Oppfyller du eitt av krava under? Då kan du søkje fylkeskommunen din om drosjeløyve via Altinn utan å ta drosjeløyveeksamen.

  • Du hadde drosjeløyve før 1. november 2020.
  • Du har bestått eksamen for godstransport- og turvognløyve, har slikt løyve eller har leia eit transportføretak samanhengande i perioden på 10 år før 4. desember 2009.
  • Du har vitnemål eller kompetansebevis frå eit anna EØS-land eller Sveits, som beviser tilsvarande kompetanse. Det må være utferda av den offentlege myndigheita i landet og godkjent av Statens vegvesen.

Det er berre dokumentasjon for kompetanse frå eit anna EØS-land eller Sveits du treng å få godkjend av Statens vegvesen før du søkjer.

Du kan ikkje søkje om drosjeløyve på grunnlag av kompetansebevis utferda før 1. januar 2018.

Slik går løyveeksamen føre seg

Løyveeksamen for drosje tar du på ein trafikkstasjon.

Eksamenen tar du på ein pc, og han består av 35 fleirvalsopppgåver. Du må svare riktig på minst 30 av oppgåvene for å bestå.

Du kan bruke inntil 60 minutt på prøva.

Språk

Du må ta eksamenen på norsk, og du kan ikkje bruke tolk.

Du kan få oppgåvene og svaralternativa lesne høgt på norsk. Då må du be om å få utlevert hodetelefonar, og du må velje norsk bokmål som språk.

Når får du resultatet?

Du får resultatet vist på skjermen med ein gong du har levert. Du kan også be prøveleiaren om å få ei utskrift av resultatet. Utskrifta viser kva tema og oppgåver du svarte riktig og feil på.

Om du ikkje består eksamen, kan utskrifta vere nyttig når du skal førebu deg på å ta eksamen på nytt.

Slik førebur du deg til eksamen

Det er ikkje obligatorisk opplæring til løyveeksamen for drosje.

Du må tileigne deg den nødvendige kunnskapen for å gjennomføre og bestå eksamen på eiga hand. Førebu deg til dømes slik:

Du søkjer om løyve hos fylkeskommunen via Altinn

Når du har bestått løyveeksamen, kan du søkje om drosjeløyve i fylkeskommunen din via Altinn.

Løyveeksamen