Av- og påregistrering
Du kan sjølv avregistrere og registrere køyretøyet ditt på Di side når du ønskjer det.
Du kan også avregistrere og registrere køyretøy på ein trafikkstasjon.
Frå 12. september 2022 er det ikkje lenger eit krav at skilta på avregistrerte køyretøy skal leverast inn til ein trafikkstasjon. Du kan mellombels avregistrere køyretøyet ditt sjølv på Di side dersom du ikkje skal bruke det i ein periode.
Har du eit sesongkøyretøy eller eit anna køyretøy du ikkje skal bruke i ein periode, kan du spare forsikringsutgifter og trafikkforsikringsavgift ved å mellombels avregistrere det. Køyretøyet kan vere avregistrert så lenge du ønskjer det, og avregistrerte køyretøy treng ikkje å gjennomgå EU-kontrollar.
Når du avregistrerer køyretøyet ditt, blir både ansvarsforsikring og trafikkforsikringsavgiften automatisk sagt opp. Har du andre forsikringar, som brann- eller tyveriforsikring, tilrår vi at du kontaktar forsikringsselskapet ditt for å avklare kva for forsikringar som framleis skal vere aktive.
Har du nyleg registrert køyretøyet, kan du ikkje avregistrere det att før det har gått meir enn 14 dagar. Det må altså ha vore registrert i minst 15 dagar før du kan avregistrere det att. Det er unntak dersom køyretøyet vart registrert i samband med eigarskifte.
Gratis teneste
Det er gratis å avregistrere køyretøyet ditt – og å registrere det att – uansett kor lenge det har vore avregistrert. Det er unnatak dersom du ikkje tidlegare har betalt omregistreringsavgift ved eigarskifte. Då må du betale avgifta når du registrerer køyretøyet.
Du kan ikkje bruke køyretøyet ditt når det er avregistrert
Når køyretøyet er avregistrert, skal du ikkje bruke det. Køyretøyet blir uforsikra, og derfor kan du bli halden økonomisk ansvarleg dersom køyretøyet er i ei ulykke. Sidan køyretøyet er uforsikra er det også viktig at du ikkje parkerer det på offentlege plassar eller på andre stader der det kan forårsake skade.
Sjølv om det ikkje lenger er noko krav om at skilta skal takast av når køyretøyet er avregistrert, tilrår vi framleis at du tar dei av eller markerer på ein annan måte at køyretøyet ikkje skal brukast. Du må også informere alle som kan bruke køyretøyet, om at det er avregistrert.
Du kan registrere det att på Di side
Når du har avregistrert eit køyretøy sjølv, kan du eller ein annan eigar registrere det att. De kan registrere køyretøyet sjølv på Di side når det har gyldig forsikring og alle andre vilkår for registrering er ok.
Så lenge køyretøyet er avregistrert, får du ikkje varsel om EU-kontroll. Dersom fristen for godkjend EU-kontroll går ut i perioden køyretøyet er avregistrert, må det ha godkjend EU-kontroll før du kan registrere det.
Viss fristen for EU-kontroll går ut, må du kjøpe prøveskilt for å køyre til ein godkjend verkstad og gjennomføra kontrollen.
Har køyretøyet ditt vorte avregistrert av andre?
Tolletaten, Politiet og Statens vegvesen har mynde til å avregistrere køyretøy. I slike tilfelle blir køyretøyet også avskilta. Køyretøy kan for eksempel bli avregistrert dersom manglar frå utekontroll ikkje er godkjende eller at «gamle» skyldige avgifter ikkje er betalte. Køyretøyet kan også ha vorte avskilta på grunn av manglande omregistrering.
Om det var på grunn av eit bruksforbod at køyretøyet vart avskilta, må du betale eit gebyr før du kan hente ut skilta.
Har køyretøyet vorte avskilta og du ønskjer å få tilbake skilta og registrere det att, må du sørge for at
- forsikringa er i orden
- EU-kontrollen er godkjend
- eventuelle andre forhold der bruksforbod er utferda, er ordna opp i.
Har køyretøyet ditt vorte avskilta, blir skilta oppbevarte på ein trafikkstasjon i tre månader etter køyretøyet vart avskilta. Lurer du på kva for ein trafikkstasjon som oppbevarer skilta dine, ta kontakt med oss.
Permanent avregistrering – vraking
Når køyretøyet blir vraka, blir det endeleg avregistrert. Du kan få utbetalt vrakpant frå Skatteetaten dersom vilkåra for dette er til stades.
Vrakar du eit køyretøy, tilrår vi at du lèt skilta følgje med køyretøyet til vraking, leverer dei inn på ein trafikkstasjon for makulering eller på ein annan måte sørgjer for at skilta ikkje blir misbrukte.