Når kan du ta EU-kontroll?
Det er opp til deg kor tidleg du ønskjer å gjennomføre EU-kontrollen, så lenge køyretøyet er godkjent innan fristen.
Vi sender deg ei påminning om EU-kontroll minst to månader før fristen går ut. Som hovudregel kan du ikkje utsetje fristen.
Perioden før fristen er fleksibel
Så lenge køyretøyet er godkjent innan fristen, kan du sjølv velje kor tidleg du ønskjer å gjennomføre EU-kontrollen. Fristen er endeleg, så berekn nok tid til å få gjennomført EU-kontrollen, rette eventuelle manglar og få godkjent køyretøyet i ein etterkontroll.
Når du har sesongkøyretøy eller skal på ferie
Fordi tida for gjennomføring av kontrollen er fleksibel, kan du til dømes gjennomføre kontrollen sommaren før, sjølv om kontrollfristen er om vinteren. Har du ein bil eller bubil som berre blir brukt om sommaren, eller du planlegg ein lengre tur til utlandet, kan du ta EU-kontrollen når det passar deg.
Om du tar EU-kontroll meir enn to månader før fristen
Er køyretøyet til kontroll meir enn to månader før fristen for godkjend EU-kontroll, vil datoen for neste frist endrast til datoen køyretøyet var til kontroll. Neste frist blir rekna frå denne datoen uansett om køyretøyet får godkjend eller ikkje godkjend EU-kontroll.
Godkjend EU-kontroll
Tar du EU-kontroll meir enn to månader før fristen og køyretøyet blir godkjent, blir ny frist rekna frå datoen du tok EU-kontrollen.
Ikkje godkjend EU-kontroll
Tar du EU-kontroll meir enn to månader før fristen og køyretøyet ikkje blir godkjent, må du ta ein etterkontroll. Du får då to månaders frist på å få retta manglane og gjennomføre ein etterkontroll der køyretøyet blir godkjent. Deretter blir ny frist for godkjend EU-kontroll sett ut frå datoen du tok EU-kontrollen.
Om du tar EU-kontroll meir enn to månader før fristen
Er køyretøyet til kontroll mindre enn to månader før fristen går ut, vil den opphavlege fristen bli ståande som utgangspunkt for neste EU-kontroll.
Du finn alltid oppdatert kontrollfrist på vegvesen.no/kontrollfrist
Fristar for bruktimporterte køyretøy
Køyretøy som blir bruktimporterte får frist eitt år frå datoen dei vart registrerte i Noreg. Er det bruktimporterte kjøretøyet ein personbil eller varebil, som blir importert når det er eitt til tre år gamalt, blir fristen for EU-kontroll sett til fire år frå datoen køyretøyet vart registrert i utlandet første gong.
Tilhengjarar godkjende for Tempo 100
Tilhengjarar eldre enn fire år, med tillaten totalvekt 3 500 kg eller mindre, må mellom anna ha godkjend EU-kontroll for at dei skal få Tempo 100-godkjenning. Desse tilhengjarane kan altså visast fram til kontroll utan at dei har ein frist for godkjend EU-kontroll.
Kor ofte skal køyretøyet til kontroll?
Sjekk i lista for kor ofte køyretøyet ditt skal inn til kontroll.
|
Type kjøretøy |
Kontrollintervall |
|---|---|
| Personbil (M1) med maks tillaten totalvekt 7500 kg, og varebil (N1) | Bilen må ha godkjend EU-kontroll innan fire år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart andre år. |
| Personbil (M1) med tillaten totalvekt over 7500 kg | Bilen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart år. |
| Ambulanse | Ambulansen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart år. |
| Buss (M2 og M3) | Bussen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart år. |
| Lastebil (N2 og N3) | Lastebilen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart år. |
| Drosje (taxi) | Drosjen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart år. |
| Tilhengjarar med tillaten totalvekt over 3500 kg | Tilhengjaren må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart år. |
| Traktor | Traktor må ha godkjend EU-kontroll innan fire år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart andre år. |
| Mobilkran | Mobilkranen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart år. |
| Tilhengjarar med tillaten totalvekt på 3500 kg eller mindre som er godkjent for Tempo 100 | Tilhengjarar med Tempo 100-godkjenning må ha godkjend EU-kontroll innan fire år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart andre år. |
| Bevaringsverdig køyretøy | Bevaringsverdig køyretøy som er 30 år eller eldre og som er kontrollert og godkjent det året køyretøyet fylte 30 år, skal kontrollerast kvart femte år. Bevaringsverdig køyretøy som er 50 år eller eldre og som er kontrollert og godkjent det året køyretøyet fylte 50 år, blir fritatt frå EU-kontroll. |