Dersom du eig ein traktor og har fått frist for godkjend EU-kontroll, kan du få unntak frå kontrollen dersom du berre bruker traktoren i eiga primærnæring.

Få unntak frå EU-kontroll Logg inn

Hurtiggåande traktorar har krav om EU-kontroll

Det er berre traktorar med konstruktiv fart over 40 km/t, og som er registrerte første gong 1. juli 2005 og seinare som har krav om EU-kontroll. Det er berre traktorar med ei tillaten totalvekt over 3500 kg som er omfatta av kravet. Ingen får kontrollfrist før tidlegast i 2023.

Sjekk om traktoren din har krav om EU-kontroll og når fristen er.

Du kan få unntak frå EU-kontroll

Skal traktoren få unntak frå EU-kontroll, er føresetnaden at du berre bruker han i di eiga primærnæring. Det betyr at traktoren ikkje kan brukast til brøyting, snørydding, vedlikehaldsarbeid eller anna arbeid på offentleg veg. Han kan heller ikkje leigast ut til andre føremål.

Slik får du unntak frå EU-kontroll av traktor

Du får unntak frå EU-kontroll ved å sende inn ei eigenerklæring som seier at du berre skal bruke traktoren i eiga primærnæring.

Eigenerklæringa kan du levere elektronisk via Di side. Dette vil då bli registrert med ein gong i våre system.

Stadfest eigenerklæringa

  1. Logg inn på Di side
  2. Vel Køyretøy – Køyretøyoversikt, og vel den aktuelle traktoren i oversikta.
  3. Vel “Endre bruk”
  4. I lista over bruksområde/arten av køyring, vel du «Traktor med bruksavgrensing».
  5. Stadfest eigenerklæringa og send inn endringa

Når du har sendt inn eigenerklæringa får du nytt vognkort, der «arten av køyring» er endra frå «eigentransport» til «traktor med bruksavgrensing», og traktoren er unntatt frå EU-kontroll.

Dersom du ikkje ønskjer å nytte den elektroniske løysinga må du møte på ein trafikkstasjon for å fylle ut og registrere eigenerklæringa.