Det er opp til deg kor tidleg du ønskjer å gjennomføre EU-kontrollen, så lenge køyretøyet er godkjent innan fristen.

Sjekk frist for EU-kontroll

Så lenge køyretøyet er godkjent innan fristen, kan du sjølv velje kor tidleg du ønskjer å gjennomføre EU-kontrollen. Fristen er endeleg, så berekn nok tid til å få gjennomført hovudkontroll, rette eventuelle manglar og få utført etterkontroll. Vi sender deg ei påminning om EU-kontroll minst to månader før fristen går ut. Som hovudregel kan du ikkje utsetje fristen.

Fordi tida for gjennomføring av kontrollen er fleksibel, kan du gjennomføre kontrollen sommaren før, sjølv om kontrollfristen er på vinteren. Har du ein bil eller bubil som berre blir brukt om sommaren, eller du planlegg ein lengre tur til utlandet, kan du ta EU-kontrollen når det passar deg.

Korleis blir neste frist berekna for kontroll?

Neste frist for godkjend EU-kontroll blir berekna ut frå datoen du tek hovudkontroll, og ikkje frå når du eventuelt tek ein etterkontroll.

Tek du hovudkontrollen mindre enn to månader før fristen går ut, vil den opphavlege fristen bli ståande som utgangspunkt for neste EU-kontroll. Du finn alltid oppdatert frist for EU-kontroll på vegvesen.no/kontrollfrist.

Fristar for bruktimporterte køyretøy

Kjøretøy som er bruktimporterte får frist eitt år frå datoen dei vart registrerte i Noreg. Er det bruktimporterte køyretøyet ein personbil eller varebil, som blir importert når det er eitt til tre år gammalt, blir fristen sett for EU-kontroll til fire år frå datoen køyretøyet vart registrert i utlandet første gong.

Tilhengjarar godkjent for Tempo 100

Tilhengjarar eldre enn fire år, med tillaten totalvekt 3500 kg eller mindre, må mellom anna ha godkjend EU-kontroll for at dei skal få Tempo 100-godkjenning. Desse tilhengjarane kan altså visast til kontroll utan at dei har ein frist for godkjend EU-kontroll.

Kor ofte skal køyretøyet til kontroll?

Sjekk i lista for kor ofte køyretøyet ditt skal inn til kontroll.

Intervaller for EU-kontroll

Type kjøretøy

Kontrollintervall

Personbil (M1) med maks tillaten totalvekt 7500 kg, og varebil (N1) Bilen må ha godkjend EU-kontroll innan fire år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart andre år.
Personbil (M1) med tillaten totalvekt over 7500 kg Bilen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og etter det seinast kvart år. 
Ambulanse Ambulansen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og etter det seinast kvart år.
Buss (M2 og M3) Bussen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og etter det seinast kvart år.
Lastebil (N2 og N3) Lastebilen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og etter det seinast kvart år.
Drosje (taxi) Drosjen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og etter det seinast kvart år. 
Tilhengjarar med tillaten totalvekt over 3500 kg Tilhengeren må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og etter det seinast kvart år. 
Traktor Traktor må ha godkjend EU-kontroll innan fire år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart andre år.
Mobilkran Mobilkranen må ha godkjend EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegongsregistrering, og etter det seinast kvart år.
Tilhengjarar med tillaten totalvekt på 3500 kg eller mindre som er godkjent for Tempo 100 Tilhengjarar med Tempo 100-godkjenning må ha godkjend EU-kontroll innan fire år etter dato for førstegongsregistrering, og deretter seinast kvart andre år.
Bevaringsverdig køyretøy Bevaringsverdig køyretøy som er 30 år eller eldre og som er kontrollert og godkjent i det året køyretøyet fylte 30 år, skal kontrollerast kvart femte år. Bevaringsverdig køyretøy som er 50 år eller eldre og som er kontrollert og godkjent i det året køyretøyet fylte 50 år, blir friteke for EU-kontroll.

Sjå også