Dersom du trimmar eller chiptunar motoren i køyretøyet ditt må du vise køyretøyet for Statens vegvesen for godkjenning.

Dersom køyretøyet ditt er trimma utan at det er godkjent av Statens vegvesen, er det ulovleg å bruke køyretøyet og det kan bli avskilta i ein kontroll. Den som bruker køyretøyet har ansvar for at køyretøyet er i forskriftsmessig stand.

Dersom trimminga/chiptuninga blir godkjend, får du eit nytt vognkort der den nye motoreffekten er skriven inn.

Chiptuning kan gi ulovleg høge utslepp

Chiptuning inneber at køyretøyet får ny motorstyring/programvare som gir høgare motoreffekt.

Chiptuning vil i mange tilfelle gi høgare utslepp enn køyretøyet er godkjent med. Statens vegvesen godkjenner ikkje chiptuning utan dokumentasjon frå ein offentleg godkjend testinstans på at køyretøyet framleis tilfredsstiller utsleppskrava. Slike testinstansar kan vere TÜV eller Dekra. Det er ingen slike testinstansar i Noreg.

Mange verksemder som tilbyr chiptuning kan ikkje dokumentere utsleppsnivåa. Chiptuning utan dokumentasjon på utslepp vil ikkje bli godkjend.

Andre tekniske krav

Om Statens vegvesen skal godkjenne trimminga, må køyretøyet tilfredsstille ei rekke krav knytte til blant anna bremsar, dekk, støy og utslepp. Køyretøyet kan ikkje ha høgare effekt enn produsenten har konstruert det for.

Kontakt oss for nærare rettleiing