Visse tilhengjarar og campingvogner kan bli godkjende for Tempo 100. Det er Statens vegvesen som godkjenner.

Frå mars 2022 er det tillate å trekkje enkelte tilhengjarar i opptil 100 kilometer i timen (Tempo 100). Dersom du har ein tilhengjar (eller campingvogn) som er eldre enn fire år, må han ha godkjend EU-kontroll før du kan bestille kontroll for Tempo 100 hos Statens vegvesen. Tilhengjarar som er godkjende for Tempo 100 må ha godkjend EU-kontroll annakvart år, slik som personbilar.

Det er også krav til bilen som skal trekkje hengjaren. Sjølv om tilhengjaren er godkjend for Tempo 100, kan du altså ikkje køyre i 100 km/t utan at trekkbilen er innanfor krava.

Du kan sjekke om bilen og tilhengjaren din kan bli godkjende for Tempo 100 i kalkulatoren under.

Krav til tilhengjar og trekkbil

Bilen må ha ABS-bremsar og tillaten totalvekt på 3 500 kilo eller lågare. I tillegg er det vektkrav til kombinasjonen av bil og tilhengjar, slik at trekkbilen ikkje blir for lett i forhold til tilhengjaren. Det er også krav til utstyr som sikrar stabil og sikker køyring. Bremsar og støtdemparar på tilhengjaren, stabilisatorkopling mellom tilhengjar og trekkbil eller elektronisk stabilitetssystem på bilen kompenserer dersom bilen i utgangspunktet er for lett i forhold til hengjaren.

Slik får du tempo 100-godkjenning

  1. Bruk kalkulatoren under for å sjå om tilhengjaren din kan godkjennast og om bilen din kan brukast som trekkbil i 100 km/t.
  2. Gjennomfør godkjend EU-kontroll av tilhengjaren din, dersom den er meir enn fire år gamal. Det er viktig å gjennomføre EU-kontrollen før Tempo 100-godkjenninga, siden det ikkje er lov å køyre med ein Tempo 100-godkjend tilhengjar utan godkjend EU-kontroll. Finn godkjend verkstad.
  3. Bestill time for køyretøykontroll av tilhengjaren.

Bestill køyretøykontroll

Tilhengjar