Det er krav både til trekkbil og tilhengjar for å køyre i opptil 100 km/t.

Krav til tilhengjaren

Tempo 100-ordninga omfattar tilhengjar i klasse O1 (maksimal tillaten totalvekt på høgst 750 kg) og O2 (maksimal tillaten totalvekt på over 750 kg, men høgst 3 500 kg). Dette betyr at campingvogner også er omfatta.

For å få Tempo 100-godkjenning må du bestille time hos Statens vegvesen. Følgjande forhold må vere i orden for å kunne gi Tempo 100-godkjenning:

  • Tilhengjaren må vere ei påhengsvogn. Det vil i praksis bety ein tilhengjar med stivt drag og aksling/akslingar plassert i eller i nærleiken av balansepunktet på tilhengjaren.
  • Tilhengjaren må vere konstruert for å køyre i minst 100 km/t. Dette går ikkje fram av system som Statens vegvesen har tilgang til, og det vil derfor vere den som framstiller køyretøyet som må leggje frem dokumentasjon utferda av fabrikanten, som viser dette. (Dokumentasjonen kan også bli utferda av importør eller forhandlar som har fullmakt til å representere fabrikanten,)
  • Dekka må vere nyare enn 6 år. Dekkprodusenten har merkt dekket med produksjonstidspunktet (veke og år).
    • Døme: Dekk merkte med produksjonsdato 0919 vil ikkje bli godkjende frå og med veke 10 i 2025.
  • Fartsmerkinga på dekka må vere på 120 km/t eller meir.
  • Tilhengjar som er 4 år eller eldre rekna frå første gongs registrering i Noreg eller utlandet, må ha godkjend EU-kontroll.

Når tilhengjaren blir godkjend for Tempo 100, vil du få utferda ein Tempo 100-godkjenningsattest og eit Tempo 100-merke. Godkjenningsattesten skal vere med anten i fysisk eller elektronisk form. Tempo 100-merket skal klistrast bak på tilhengjaren. Dersom det er dårleg plass til merket, må det klistrast slik at det er synleg bakfrå.

Godkjenningsattesten inneheld ei rekke opplysningar om tilhengjaren og kva krav som blir stilte til bilen som trekkjer han. Om tilhengjaren har bremsar, støytdemparar og/eller stabilisatorkopling mellom tilhengjar og trekkbil, vil påverke krava til den trekkjande bilen. Når tilhengjaren har meir av dette sikkerheitsutstyret, vil bilen kunne vere lettare enn dersom tilhengjaren har mindre utstyr.

Krav til den trekkjande bilen

  • Bilen må vere utstyrt med blokkeringsfrie bremsar (ABS).
  • Bilen må ha ei tillaten totalvekt som ikkje er høgare enn 3 500 kg.
  • Bilen må oppfylle krava til eigenvekt som går fram av Tempo 100-godkjenningsattesten.
  • For nokre kombinasjoner av bil og tilhengjar blir det stilt ekstra krav til bilen sine vekter. Dersom desse spesielle vilkåra er aktuelle, står dette i godkjenningsattesten til tilhengjaren. Dette vil også visast i prøvekalkulatoren.
  • Dersom bilen har eit elektronisk køyredynamisk stabilitetssystem, skal erklæring om dette vere med under køyring. Erklæringa kan vere fysisk eller elektronisk. Eininga må vere aktivert og riktig innstilt i samsvar til fabrikanten sine tilvisingar under køyring med tilhengjar.

Sjekkliste for å kunne føreta Tempo 100-køyring

  1. Tilhengjaren må vere Tempo 100-godkjend og til kvar tid oppfylle krav til tilhengjar. Hugs å ha med Tempo 100-godkjenningsattest.
  2. Bilen må oppfylle krava som gjeld for den trekkjande bilen. Hugs å ha med erklæring dersom bilen har eit elektronisk køyredynamisk stabilitetssystem.
  3. Når du lastar tilhengjaren er det viktig å hugse på at tyngdepunktet til lasta skal vere framanfor akselen/akslane, og at tillate kuletrykk ikkje skal overskridast.
  4. Dersom tilhengjaren er utstyrt med ei stabiliseringsanordning, må eininga justerast, strammast og sikrast i samsvar med fabrikanten sine tilvisingar.
  5. Tilhengjaren, eventuelt med last, kan ikkje vere høgare enn 4 meter.

Godkjenning av tilhengjar for å køyre i 100 km/t