Norsk Tempo 100-godkjenning er akseptert i Danmark og dansk Tempo 100-godkjenning er akseptert i Noreg. Tyskland har ei ega Tempo 100-ordning.

Noreg og Danmark

Norsk Tempo 100-merke akseptert for køyring i Danmark

Frå 18. mars 2024 er norsk Tempo 100-merke godkjent for trekking av tilhengjar i fart opptil 100km/t i Danmark. De andre vilkåra for Tempo 100-køyring i Noreg gjeld på same måte i Danmark.

Dansk Tempo 100-merke akseptert for køyring i Noreg

Frå 18. mars 2024 er dansk Tempo 100-merke godkjent for trekking av tilhengjar i fart opptil 100 km/t i Noreg. Dette gjeld ikkje for norskregistrert tilhengjar. Er tilhengjaren registrert i Noreg må han ha norsk merke for å kunne køyre i fart over 80 km/t i Noreg.

Det er viktig å vere klar over at Danmark tilbyr Tempo 100-godkjenning både til tilhengjarar som er registrerte i Danmark og tilhengjarar som er registrerte i eit anna land enn Danmark.

For å kunne køyre i fart opptil 100 km/t i Noreg med dansk Tempo 100-godkjenning, gjeld dei same krava som i Danmark: Du skal ha med Tempo 100-godkjenningsattest, og krava til trekkbil og kombinasjon bil/tilhengjar gjeld tilsvarande.

Tyskland

Tysk Tempo 100-ordning

Tyskland har ei eiga Tempo 100-ordning for trekking av tilhengjar. For å køyre med tilhengjar i fart opptil 100km/t i Tyskland må du ha tysk Tempo 100-godkjenning og Tempo 100-merke.

Godkjenning av tilhengjar for å køyre i 100 km/t