Du kan finne eigaren av eit køyretøy ved å logge inn på Di side eller ved å sende oss ein SMS.

Finn eigaren av køyretøyet Logg inn

Når du loggar inn på Di side får du opplysningar om:

  • Kven som eig køyretøyet 
  • Adressa til eigar av køyretøyet
  • Kilometerstanden på køyretøyet
  • Når køyretøyet sist vart godkjent på EU-kontroll
  • Når køyretøyet skal vere godkjent på EU-kontroll neste gong
  • Registreringsdata
  • Mål og vekt på køyretøyet
  • Dekk, felgar og motor på køyretøyet
  • Tidligare eigare og medeigare 

Privatpersonar kan gjere inntil 15, og verksemder inntil 150, søk per dag.

Alle data i tenesta blir delt etter offentleglova. Vi loggar alle søk. Søkjehistorikken blir lagra i eitt år og blir deretter sletta. Vi gjev ikkje innsyn i søkjehistorikken. 

Lurer du på kva slags køyretøy ein person eller bedrift ei, kan du sjekke andre sine køyretøy her.

Finn eigar på SMS

Du kan også få opplysningar om kven som eig eit køyretøy på SMS. Slik gjer du det:

Slik finn du eigar på SMS

  1. Skriv REGNR i meldingsfeltet
  2. Legg inn eit mellomrom
  3. Skriv registreringsnummeret eller det personlege bilskiltet på køyretøyet du ønskjer informasjon om, til dømes AB12345
  4. Send meldinga til 2282
  5. Vent på svar

Det kostar 3 kroner å bruke tenesta. Teleoperatøren kan i tillegg ta betalt for å sende deg SMS-en. Nokre operatørar kan ha sperra abonnementet for slike tenester, og då får du ikkje svar frå oss.

Vi loggar alle søk. Søkehistorikken blir lagra i eitt år og blir deretter sletta. Vi gir ikkje innsyn i søkeloggene.

Illustrasjon som viser melding sendt til 2282 og svar fra vegvesenet.
Send REGNR til 2282.