Alle kan søke om innsyn i opplysningar frå Køyretøyregisteret.

Køyretøyregisteret er Statens vegvesen sin database over alle norske sivile køyretøy. Registeret inneheld mellom anna tekniske data, registreringsinformasjon, opplysningar om eigar og eigarhistorikken til køyretøyet. Alle kan søke om å få innsyn i desse opplysningane etter reglane i offentleglova §§ 3 og 9, med mindre opplysningane er unnateke frå offentleg innsyn. 

Det du får utlevert frå Køyretøyregisteret har samanheng med personopplysningslova og vil variere ut frå kva teneste du nyttar og ut frå om du er ein privatperson, ei bedrift eller ein etat. 

Personvern

Dei fleste opplysnongane som blir utlevert frå Køyretøyregisteret er reint tekniske opplysningar knytt til køyretøy og utgjer difor ikkje personopplysningar. 

Personopplysningar, som ikkje er teiepliktige, kan også utleverast i samsvar med personvernforordninga, sjå personverforordninga artikkel 86, men vi har sett i verk ei rekkje tiltak for å verne om den registrerte eigar. 

Når vi sender personopplysningar, krypterer vi desse filene og sender krypteringsnøkkel til søkar på SMS. 

Sjølvbeteningsløysingane våre for køyretøyoppslag leverer ikkje ut personopplysningar, med mindre søkjaren loggar seg inn på Di side gjennom ID-porten med BankID, Buypass eller Commfides. Søk i desse tenestane blir logga, og blir utelukkande utlevert ved krav om beslag som bevismateriale i ei rettssak. 

Vidare bruk av utleverte opplysningar

Du treng ikkje å be oss om samtykke for vidare bruk av opplysningane, men du har sjølv ansvar for at du overheld andre reglverk, som til dømes personvernforordninga.

Døme på data