Ambassader, diplomatar og konsulære tenestemenn kan registrere køyretøy med CD-skilt.

Reglar for registrering av ambassadekøyretøy:

  • Ambassaden kan registrere så mange køyretøy som er rimeleg i forhold til storleiken på ambassaden. Utanriksdepartementet fastset dette.
  • Diplomatar kan registrere eitt køyretøy, eller to om dei har med ektefelle, partnar eller sambuar.
  • Administrativt og teknisk personale kan registrere eitt køyretøy i løpet av tenestetida i Noreg.

Godkjenning av importerte køyretøy

Importerte køyretøy må godkjennast av Statens vegvesen før dei kan registrerast som ambassadekøyretøy.

Time for enkeltgodkjenning må bestillast på førehand. Ta med all nødvendig dokumentasjon til kontrollen. Bestill kontroll ved Risløkka trafikkstasjon. Har du norsk ID-nummer, kan du logge inn og bestille på nett.

Du kan også bestille kontrolltime på telefon

Registrering av godkjende køyretøy

Du registrerer køyretøyet ved Risløkka trafikkstasjon. Du må bestille time på førehand.

Ta med

Når tenestetida er over

Dersom køyretøyet ikkje blir overført til ein ny eigar ved same ambassade, må CD-skilt leverast tilbake til Statens vegvesen.

Skilta blir leverte til ein trafikkstasjon for makulering. Les meir om innlevering av skilt på sida til trafikkstasjonen din eller bestill time.

Sjå også