Tungbilkalkulatoren reknar ut om tilhengjarfesta i vogntoget har tilstrekkelege kapasitetar, med vektene som vogntoget har under den aktuelle transporten.

Gå til kalkulatoren

Når kan du bruke kalkulatoren?

Kalkulatoren er eit hjelpemiddel som kan brukast når

Du kan bruke kalkulatoren når vogntoget har

Sjåføren er ansvarleg

Sjåføren har ansvaret for at rette data frå spesifikasjonane til tilhengjarfesta blir brukte.

Sjåføren må også sørgje for at dei aktuelle vektene hen oppgir i kalkulatoren er lik vegne vekter eller høgare, men ikkje overstig dei maksimalt tillatne vektene for dei enkelte køyretøya, heile vogntoget eller vegstrekninga.

Alle verdiar for vekter og kapasitetar skal følgje omgrepa og definisjonane i «forskrift om bruk av kjøretøy».

Om du ofte køyrer med same vogntog

Om du ofte køyrer med det same vogntoget, kan det løne seg å rekne ut frå dei høgaste aktuelle vektene som gir størst belasting på tilhengjarfesta.

Viktige omgrep

Nedanfor finn du omgrep som er nyttige når du bruker kalkulatoren. I tillegg til desse omgrepa bør du også kjenne til definisjonane i følgjande regelverk

  • vegtrafikklova
  • «forskrift om bruk av kjøretøy»
  • «forskrift om godkjenning av bil og tilhenger til bil» (bilforskrifta)
  • internasjonale forordningar og regulativ

Vi bruker ordet «vekter» i fleirtal for å sleppe å gjenta totalvekt, akselvekt og vogntogvekt under kvar hovudgruppe, som største tekniske vekt, tillaten vekt og så vidare. Denne grupperinga av vekter finst både i norske reglar sidan 1969 og i internasjonale reglar.

Når eit køyretøy blir godkjent og registrert i Noreg, sett ein vanlegvis dei tillatne vektene lik dei største tekniske vektene som fabrikantane har fastsett.

Omgrep knytte til Tungbilkalkulatoren
Omgrep Forklaring
Dei største tekniske vektene til køyretøyet Dei maksimale vektene køyretøyet er konstruert og garantert for av fabrikanten.
Dei tillatne vektene til køyretøyet Dei maksimale vektene køyretøyet er godkjent og registrert for av myndigheita (registreringsland).
Dei aktuelle vektene til køyretøyet Dei vektene køyretøyet har i augeblinken, inkludert last og sjåfør.
Tillatne vekter på offentleg veg Dei aktuelle vektene som er tillatne på den enkelte vegstrekninga etter «forskrift om bruk av kjøretøy»
 eller anna offentleg regulering.
Vogntog Køyretøykombinasjon som består av motorvogn tilkopla ei slepvogn, påhengsvogn eller semitrailer.
Modulvogntog Kjøretøykombinasjoner som består av motorvogn i gruppe N2 eller N3, tilkoblet flere enn en tilhenger. Tillatne modulvogntog er beskrivne i «forskrift om bruk av kjøretøy» §5-5 nr. 2 (Lovdata).
Spesialtransport Kalkulatoren kan brukast for tunge spesialtransportar. Desse har høgare aktuelle vekter enn det som er tillate for normaltransport på offentleg veg.
Tilhengjarfeste Tilhengjarfeste finst både på køyretøy som trekkjer og på køyretøy som blir trekt. Omgrepet omfattar sjølve festet og monteringsdetaljane mot ramma, som drag, trekkbjelke og monteringsplater med eller utan sleide.
Karakteristiske verdiar for kapasitet (D, Dc, V, S, Av og U) Maksimale krefter som tilhengjarfesta er godkjende for. Desse verdiane er definert ei FN-regulativ 55 (unece.org, engelsk side).
Koplingskrefter (D, Dc, V, S og U) Dei berekna kreftene som tilhengjarfestet eller -festa blir påført av vektene til det aktuelle vogntoget eller modulvogntoget i bruk.

Synonym til tilhengjarfeste

Kalkulatoren og «forskrift om bruk av kjøretøy» bruker omgrepet tilhengjarfeste. Mens i norske vognkort, bilforskrifta og i internasjonale regelverk finn du omgrepa tilhengjarkopling, kopling og mekaniske koplingsdelar. Desse omgrepa betyr omtrent det same.

Regelverk