Har føretaket skifta namn, bør de melde frå om det til oss.

Dersom føretaket har skiftet namn, kan skjema om namneendring sendast til Statens vegvesen slik at dette blir registrert hos oss. 

De er ikkje pliktige til å melde frå om namneenridng, sidan løyvedokumenta er ferda ut på organisasjonsnummer. Melding om namneendring vil gjere at kontroll langs vegen blir meir effektiv.

Skjemaet skal sendast til Statens vegvesen enten via e-post til eller til

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

Merk med «gods-/turvognløyve».

Har de fellesskapsløyver?

Transportør som er innehavar av fellesskapsløyve vil få utferda nytt hovuddokument samt nye attesterte kopiar som skal erstatte tidlegare utferda hovuddokument og kopiar. Når de har motteke nye løyve, er de pliktige til å returnere dei gamle løyva til Statens vegvesen.

Utferding av nye løyvedokument i samband med namneendring er gebyrfritt.

Spørsmål om namneendring?