Statens vegvesen skal følgje regelverket om offentlege anskaffingar. Det betyr at anskaffingar over 100 000 kroner (eks. mva) skal vere konkurranseutsette.

Du kan lese meir om regelverket for offentlege anskaffingar her: 

Alle anskaffingar over nasjonal terskelverdi skal kunngjerast i Doffin. I nokre tilfelle blir også anskaffingar med lågare verdi kunngjorde i Doffin. Alle anskaffingar over EØS-terskelverdi skal også kunngjerast i den europeiske databasen TED. 

Informasjon og tips til leverandørar som planlegg å gi tilbod

Sjekk denne informasjonen dersom de planlegg å gi tilbod.

Sjekk at de er kvalifiserte

Dersom de er leverandør og ønskjer å gi tilbod, må de setja dykk godt inn i kvalifikasjonskrava for den aktuelle anskaffinga. Kvalifikasjonskrava er minimumskrav, og dersom dei ikkje er oppfylte, blir de avviste frå konkurransen.

De finn kvalifikasjonskrava i konkurransegrunnlaget. Les godt gjennom dette.

Følg den oppsette tilbodsmalen

Det går fram av konkurransegrunnlaget korleis de skal forme ut tilbodet. Det er viktig at de følgjer dette oppsettet så langt det er mogleg, slik at vi kan samanlikne dei ulike tilboda.

Dersom eit tilbod er oppstilt på ein måte som gjer at vi ikkje kan samanlikne det med dei andre tilboda, har vi plikt til å avvise dette tilbodet.

Dette betyr for eksempel at vi må avvise tilbodet dykkar dersom de gir alternative tilbod i tillegg til, eller i staden for, det som går fram av konkurransegrunnlaget. Dette gjeld likevel ikkje dersom konkurransegrunnlaget tydeleg opnar for alternative tilbod. 

Vesentlege atterhald kan også føre til at vi ikkje kan samanlikne tilbodet dykkar med dei andre tilboda og må avvise det. Vi anbefaler derfor at de unngår å ta atterhald mot kontraktsvilkår eller andre forhold som er oppgitte i konkurransegrunnlaget.

Dersom de likevel tar atterhald, er det viktig at vi kan rekne ut kva verdi/pris atterhaldet utgjer, slik at vi kan samanlikne det med dei andre tilboda.

Slik kommuniserer vi i anskaffingsfasen

Vi forhandlar i utgangspunktet ikkje med leverandørar. Vi kan likevel gjere unntak frå dette dersom konkurransegrunnlaget seier noko anna, eller dersom det blir opna for dialog i samsvar med anskaffingsregelverket.  

Vi kan gjere greie for uklarleikar i konkurransegrunnlaget. Vi må ha fått inn spørsmål om konkurransen før fristen for å stille spørsmål er gått ut. Fristen står i konkurransegrunnlaget. 

All kommunikasjon går føre seg via KGV (konkurransegjennomføringsverktøyet) og eventuelle spørsmål og svar blir kunngjorde via KGV. 

Lever tilbodet på rett måte og til rett tid 

Vi anbefaler at de fyller ut og lastar opp tilbodet dykkar i KGV i god tid før fristen for levering. Kvar fil kan maks vere 2,14 gigabyte (GB).

Vi må få inn tilbodet i KGV før fristen som står i konkurransegrunnlaget. Risikoen for at det kan oppstå forseinkingar under opplasting og liknande ligg hos leverandøren.

Tilbud vi får inn etter fristen, blir avviste.