Her kan du bestille tilgang til DATEX frå Statens vegvesen.

Informasjon i DATEX-format frå Statens vegvesen er gjord tilgjengeleg under Norsk lisens for offentlege data.

Felt markert med * må fyllast ut.

Bestill tilgang til DATEX

Følgjande vilkår gjeld for bruk:

  1. Brukarar av DATEX-formatet frå Statens vegvesen er ansvarlege for at informasjonen ikkje blir forvrengd og/eller kan bli misforstått.
  2. Norske meldingar skal ikkje omsetjast til andre språk. Dersom ein organisasjon lagar meldingar på norsk basert på DATEX-kodar, skal han bruke ein eigen tabell eller teneste til å omsetje DATEX-kodane frå engelsk til norsk.
  3. Brukarnamn og passord som gir tilgang til DATEX-noden, er konfidensiell informasjon. Det er ikkje tillate å formidle denne informasjonen vidare til sluttbrukarar.
  4. Dersom organisasjonen formidlar vidare informasjon i DATEX-format frå Statens vegvesen, skal han alltid oppgi Statens vegvesen som kjelde.
  5. Når problem og innmelde feil medfører nedetid av DATEX-noden, følgjer feilrettinga IKT-rutinane til Statens vegvesen.
Godtek du vilkåra for bruk av DATEX?

Ikkje skriv sensitive personopplysningar i skjemaet. Innhaldet blir sendt ukryptert som e-post til Statens vegvesen. Statens vegvesen behandlar opplysningane i tråd med personvernerklæringa si.