Statens vegvesens oppgåve er å leggje til rette for og sikre kontinuitet i vegtransporten, sjølv under ekstreme påkjenningar.

Vegtransport er ein samfunnskritisk funksjon. Utan vegtransport kan ikkje samfunnet sikre at befolkninga er trygg og sikker.

Nasjonale oppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap

Statens vegvesen har ansvar for desse nasjonale oppgåvene som gjeld samfunnstryggleik og beredskap for det offentlege vegnettet:

Koordinering av ressursar mellom vegeigarar

Vi har ansvaret for å sjå heilskapen i vegsektoren, og vi skal koordinere og samordne beredskapssituasjonar på veg slik at samfunnsbidraget frå vegsektoren blir mest mogleg effektivt. I krisesituasjonar skal vi koordinere trafikkberedskapen og samordne byggherreberedskapen for å utnytte knappe ressursar best mogleg i ein pressa situasjon. Statens vegvesen overtek ikkje ansvaret til andre vegstyresmakter som Nye vegar AS, fylkeskommunar og kommunar.

For å vareta ansvaret vårt har vi ein grunnberedskap. Den sikrar at vi handterer dei fleste hendingane som påverkar framkoma på vegnettet, i tråd med samfunnstryggleiksprinsippa likskap, nærleik, ansvar og samvirke. Beredskapsorganisasjonen vår skal kunne handtere alle slags kriser – frå ulykker og naturhendingar, digitale hendingar og systemnedfall til terror, tryggingspolitiske kriser og krig.

Overvaking, drift og vedlikehald av riksvegnettet

Veitrafikksentralane overvaker og styrer vegtrafikken. Dei koordinerer innsatsen sin med Statens vegvesens entreprenørar i dei ulike driftskontraktane på vegnettet for å handtere vanlege hendingar som oppstår på vegnettet. Dette gjeld til dømes

  • snørydding
  • fjerning av hindringar i vegen
  • reparasjon av øydelagd infrastruktur

Denne koordinerte innsatsen skjer i samarbeid med andre beredskapsaktørar. Ho sikrar at vegnettet er funksjonelt og legg til rette for styrkt samfunnstryggleik og beredskap.

Landsdekkjande bruberedskap

Viss ei bru blir øydelagd eller får redusert bereevne og integritet, er det ikkje trygt for trafikantar å bruke henne. I slike tilfelle hjelper vi vegeigarar med å setje opp beredskapsbruer og gjenopprette vegsambandet.

Flaum- og skredberedskap

Det offentlege vegnettet er robust og skal vere tilgjengeleg året rundt, uansett vêrforhold. Vi har flaum- og skredberedskap der fagpersonar innan naturfare kan gi råd om førebyggjande tiltak og geofagleg avgjerdsstøtte i akutte situasjonar – døgnet rundt. For vegeigarar, driftsmiljø og andre aktørar utarbeider vi jamleg vurderingar av skred- og flaumsituasjonen på vegnettet.

Totalforsvaret og sivilt-militært samarbeid

Statens vegvesen er ein viktig aktør i totalforsvaret. Totalforsvaret er det gjensidige samarbeidet og støtta mellom sivil og militær side for å førebyggje, planleggje for og handtere kriser i fred, tryggingspolitiske kriser og krig. Forsvarets hovudoppgåve er å hevde Noregs suverenitet og norske suverene rettar. I dette arbeidet er Forsvaret avhengig av støtte frå det sivile samfunnet.

Statens vegvesens rolle i totalforsvaret er å sørgje for

  • eit robust vegnett
  • framkome
  • informasjon om tilstanden til vegnettet ved mobilisering av ressursar

Vi har ein tett dialog om det sivilt-militære samarbeidet og rammene innanfor totalforsvaret med både vegeigarane og Forsvaret.

For å styrkje beredskapsevna i samfunnet har Statens vegvesen og Forsvaret inngått avtalar om bruk av vegnettet i samband med øvingar, samlokalisering av materiell, felles utnytting av ressursar og utvikling av kompetanse innanfor bruberedskap. Avtalane skal forenkle prosessane for bruk av vegnettet ved øvingar og situasjonar der det er nødvendig å bruke mellombelse bruer.

Digital tryggleik

Samfunnstryggleik og beredskap femnar vidare no enn før, og både i Noreg og internasjonalt skjer det store teknologiske endringar som kan endre måten vi transporterer personar og gods på. Effektiv bruk av ny teknologi kan redusere transportkostnader og -tid, og effektivisere transporten på det offentlege vegnettet. Dette opnar for nye moglegheiter, men gjer også vegsystemet meir komplekst og sårbart for nye og ukjende truslar.

Statens vegvesen skal

  • jobbe kontinuerleg med å tileigne oss kunnskap om ny teknologi og tilhøyrande tryggingsutfordringar tidleg i planlegginga av både fysiske og digitale prosjekt
  • kunne handtere digitale truslar og sårbarheiter for å gjere transportsystemet robust i møtet med nye teknologiske løysingar
  • sjå heilskapen i samspelet mellom teknologi, menneske og organisasjon for å ta i bruk ny teknologi på ein effektiv og sikker måte

Når vi tileignar oss kunnskap om ny teknologi tidleg, kan vi etablere og forvalte robuste digitale løysingar med formålstenlege beredskaps- og tryggingstiltak.

Samfunnstryggleik i planlegging av byggjeprosjekt

Samfunnstryggleik inngår i avgjerdsgrunnlaget ved planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av vegsystemet.

Strategien vår legg til grunn at vi skal arbeide målretta, systematisk og sporbart med samfunnstryggleik. Vi skal også synleggjere og inkludere samfunnstryggleik i dei samfunnsøkonomiske analysane av investeringsprosjekt. Dette gjer vi mellom anna ved å utvikle 3R-metoden, som gir eit grunnlag for å vurdere dei tryggingsmessige konsekvensane av transportinvesteringar for samfunnet. Metoden er brukt i prosessen med Nasjonal transportplan (NTP), og blir fortløpande vidareutvikla. Politiske avgjerdstakarar kan bruke resultata til å prioritere tiltak på tvers av investeringsprosjekt.

Klimaendringar og framtidige transportbehov må sjåast i samanheng. Vi jobbar kontinuerleg med å ta i bruk dagens kunnskap om klima og klimatilpassing i igangverande og framtidige investeringsprosjekt. For å utvikle eit godt kunnskapsgrunnlag og vidareutvikle kompetansen vår om klimaendringar og effekten deira på vegnettet, deltek vi i ei rekkje forskingsprosjekt. Vi integrerer ny kunnskap og kompetanse om klimaendringar i prosessane og kvalitetssystema våre, og når vi planlegg og byggjer vegar, tilpassar vi dei ut frå dette.