Du kan bruke tenester frå Statens vegvesen på vegner av ei verksemd. Det føreset at du har fått tilgang til tenestene i Altinn.

Det kjem endringar i korleis du administrerer fullmakter og tilganger når Altinn blir oppgradert frå gamal Altinn til nye Altinn.

Kva blir nytt?

  • Tenester frå Statens vegvesen får nye namn. 
  • Altinn-roller blir erstatta av tilgangspakker, som må delegerast slik du tidlegare delegerte roller.
  • Delegering av enkelttenester må gjerast på nytt.

Tilgang på vegner av verksemda

Verksemda må sjølv administrere og vedlikehalde fullmakter i Altinn til tilsette som skal ha fullmakter. Statens vegvesen kan ikkje endre fullmakter som ligg i Altinn-systemet eller hente ut lister over dei.

Få oversikt over dagens delegeringar

Dersom du har rolla Tilgangsstyring eller Hovudadministrator i Altinn kan du hente ut oversikt over alle delegerte tilgangar i verksemda di. 

Du får ei ZIP-fil med to CSV-filer (som du opnar i Excel):

  • ei fil med alle delegerte enkelttenester
  • ei fil med alle delegerte roller

Slik hentar du ned dagens delegeringar (tilgangar): 

  1. Logg inn på altinn.no.
  2. Vel riktig verksemd (aktør).
  3. Gå til Profil (øvst i menyen).
  4. Velg Andre med rettar til verksemda.
  5. Klikk Last ned til fil.

Gi fullmakt

Du som er dagleg leiar, styreleiar eller ein annan med rolla «tilgangsstyring» i Altinn kan gi tilsette eller andre fullmakter til å handle på vegner av verksemda. I løpet av 2026 blir det mogleg å gi fullmakt til stadig fleire enkelttenester og tilgangspakker i nye Altinn.

Nye tilgangspakker

Nye Altinn har tilgangspakker som gir den tilsette fleire enkelttenester samla. Foreløpig er det tre tilgangspakker som kombinerer fullmakter i tenester hos Statens vegvesen.

Desse enkelttenestene er i tilgangspakka «Køyretøy»:

  • Av- og påregistrering
  • Digital køyresetel for årsprøvekjennemerke
  • Køyretøyliste
  • Eigarskifte og salsmelding
  • Førstegongsregistrering i Autosys køyretøy bransjeløysing
  • Godkjenne eigarskap
  • Bestill seriekjennemerke i Autosys køyretøy bransjeløysing
  • Sjå kvittering for skilt
  • Bestill skilt (erstatningskjennemerke)
  • Sjå kvittering for personleg skilt
  • Personleg skilt
  • Sjå kvittering for prøveskilt
  • Bestill prøveskilt
  • Bestill køyretøykontroll og søk godkjenning
  • Leasingtakar
  • Registrering av køyretøy på ny eigar i Autosys køyretøy bransjeløysing
  • Køyretøyoppslag
  • Køyretøyoppslag mot betaling
  • Bestill vognkort
  • Registrer for parkeringsløyve for forflytningshemma (HC-registeret)
  • Parkeringsregisteret
  • Rapportering av resultat etter periodisk kontroll og OBFCM-data, og oppfølging av kontrollverksemda
  • Innrapportering av fullført opplæring for kontrollørar som utfører periodisk køyretøykontroll
  • Dokumentere reparasjon av omfattande skadar på køyretøy og finne tidlegare innrapportert dokumentasjon
  • Søkje om og forvalte godkjenningar for verkstad eller kontrollorgan
  • Transportføretaket si risikoklassifisering
  • Oversikt over disponible køyretøy i løyveregisteret
  • Trafikkdata administrator
  • Trafikkdata innsyn (fartsdata)

Desse enkelttenestene er i tilgangspakka «Trafikant»:

  • Sjekk førarkort
  • Digitalt førarkort
  • Registrer for parkeringsløyve for forflytningshemma (HC-registeret)
  • Parkeringsregisteret
  • Prøveadministrator – teoriprøver – ETEORI
  • Fagspesialist – teoriprøver – ETEORI
  • Oppgåveutviklar– teoriprøver - ETEORI
  • Oversetjar– teoriprøver - ETEORI

Desse enkelttenestene er i tilgangspakka «Vegtransport»:

  • Søknad om arbeidsvarsling – Statens vegvesen
  • Kontroll av arbeidsvarsling – Statens vegvesen
  • Søk og bestill bedriftskort for digital fartsskrivar
  • Gjennomgå søknad om verkstadkort for digital fartsskrivar
  • Transportforetaket si risikoklassifisering
  • Oversikt over disponible køyretøy i løyveregisteret
  • Trafikkdata administrator
  • Trafikkdata innsyn (fartsdata)
  • Transportløyve

Du finn desse tilgangspakkene hos Altinn under Transport og lagring.

Om vegvesen.no