Du kan bruke tenester frå Statens vegvesen på vegner av ei verksemd. Det føreset at du har fått tilgang til tenestene i Altinn.

Det kjem endringar i korleis du administrerer fullmakter og tilganger når Altinn oppgraderer frå gamal Altinn til nye Altinn.

Kva blir nytt?

  • Tenester frå Statens vegvesen får nye namn. 
  • Altinn-roller blir erstatta av tilgangspakker, som må delegerast slik du tidlegare delegerte roller.
  • Delegering av enkelttenester må gjerast på nytt.

Vi vil snart komme med brukarrettleiingar og informasjon om overgangen til dei nye tenestene.

For å bruke ei teneste på vegner av ei verksemd må du ha tilgang til tenesta.

Slik får du tilgang til ei teneste (altinn.no)

Hos Altinn kan du sjå alle tenester og skjema frå Statens vegvesen som det er mogleg å få tilgang til.

Skjema og tenester for Statens vegvesen (altinn.no)

Om vegvesen.no