Det er små skilnader mellom tilboda på to nye kontraktar for rekkverk på riksvegar i Vestland.

Det er snakk om to kontraktar.

¤ 3. mai var det frist for å levera tilbod på ein kontrakt på stålrekkverk i gamle Hordaland.

– Det er 15 kilometer nytt rekkverk som skal opp. 30 prosent skal gjerast i år, 70 prosent neste år. Mesteparten i år blir på E39, i grenseområdet mellom Bergen og Bjørnafjorden kommunar, mellom Sandven (ved Kalandsvatnet) og Søfteland, seier byggeleiar Jan Bremer Remø i Statens vegvesen.

Det er mest snakk om erstatning av gammalt rekkverk. Nokre plassar blir det sett opp rekkverk der det ikkje har vore tidlegare.

¤ 9. mai var det frist for å levera på ein tilsvarande kontrakt i gamle Sogn og Fjordane. Også her er det snakk om 15 kilometer, der 30 prosent skal gjerast i år og 70 neste år. I år blir truleg område i Nordfjord prioritert.

Det skal monterast nytt stålrekkverk på E39 mellom Søfteland (biletet) og Sandven ved Kalandsvatnet. Illustrasjonsfoto: Vegbilder
Det skal monterast nytt stålrekkverk på E39 mellom Søfteland (biletet) og Sandven ved Kalandsvatnet. Illustrasjonsfoto: Vegbilder

Slik er den tette konkurransen mellom tilboda

¤ Hordalands-kontrakten: Her er det fem tilbydarar. Arendal-firmaet Veisikring har levert det lågaste tilbodet, på 19,6 millionar pluss moms. Mellom dei fire andre tilbydarane (Trygg Vei AS frå Drammen, Arvid Gjerde AS frå Innfjorden i Romsdal, SVB Veisiking frå Tonstad i Agder og Mesta AS) skil det i underkant av 650.000 kroner.

Tilbydar:  Tilbodssum ekskl.mva:
Veisikring AS  19.628.750,00
Trygg Vei AS   22.799.789,00
Arvid Gjerde AS 23.139.115,12
SVB Veisikring AS   23.181.925,00
Mesta AS    23.448.477,82

¤ Sogn og Fjordane-kontrakten: Her er det fire tilbydarar. Arvid Gjerde AS har levert det lågaste, på 18,4 millioner pluss moms. Det er berre 100.00 og ein halv million opp til det nest lågaste (Trygg Vei AS) og tredje lågaste tilbodet (Mesta AS).

Tilbydar:  Tilbodssum ekskl.mva:
Arvid Gjerde AS 18.404.173,28
Trygg Vei AS 18.557.226,00
Mesta AS 18.933.211,59
SVB Veisikring AS 22.117.298,00

– Det er viktig å presisera at ingen av tilboda er kontrollrekna, så det er enno ikkje avgjort kven får tilbod. Etter at tilbod er gjeve, er det også ti dagars klagefrist, presiserer Remø.

Men me tek uansett sikte på ei så rask avgjerd som mogleg på begge kontraktane, og satsar på oppstart før sommaren, legg han til.

Difor gjer Statens vegvesen dette

Det er fleire årsaker til at Statens vegvesen set opp nytt rekkverk.

– Eksisterande rekkverk kan vera gammalt og slite. Det kan vera ulike grunnar til at det ikkje tilfredsstiller dagens krav. Og det kan vera plassar det ikkje står rekkverk i dag, som det bør vera rekkverk på.

Slik påverkar arbeida trafikken

Arbeida for Sogn og Fjordane-kontrakten vil stort sett føregå på dagtid.

Trafikkavviklinga i samband med stålrekkverk-arbeida vil stort skje i form av trafikklys, og det vil ikkje verta lang ventetid.

For Hordalands-kontrakten vil det i stor grad verta nattarbeid. Dette fordi vegstrekninga som skal asfalterast, har høg trafikk, rundt 13.000 køyretøy i døgnet. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT). Nærare 1700 av desse (13 prosent) er lange køyretøy.

Ta vare på det vi har

For å få oversikta over vegarbeid før ein skal ut og køyra, vert bilistar oppmoda til å sjekka trafikkmeldingane på 175.no. Her finst det til ei kvar tid oppdatert oversikt over nosituasjonen på norske vegar.

– Me har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for bilistane, men då er det viktig å minna om at me gjer det for dei; for å vareta trafikktryggleiken også i framtida. Vegdrift handlar ikkje berre om å byggja nytt, men også om å ta vare på det vi har, og gode rekkverk er ein del av dette, legg Remø til.

Tett konkurranse også tidlegare

Dette er ikkje fyrste gong det er tett konkurranse om ein rekkverks-kontrakt i Vestland, på oppdrag frå Statens vegvesen.

Så seint som i september 2021 opplevde vi det same: Tett løp om rekkverk-kontraktar til totalt 50 millionar i Vestland | Statens vegvesen

Kontraktperson: Jan Bremer Remø, e-post , telefon 99331310

Aktuelt for fylke: Vestland