Mildver og nedbør kan gje utfordringar på vegane i delar av Rogaland og Vestland dei neste dagane.

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen ber trafikantane om å halde seg oppdatert om situasjonen på vegane.
Svenn Egil Finden i Statens vegvesen ber trafikantane om å halde seg oppdatert om situasjonen på vegane. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Det blir mildver og vind frå tysdag ettermiddag. Frå natt til onsdag til fredag morgon er det lokalt venta opp mot 60-100 mm nedbør, mest som regn. Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til snøsmelting.

Veromslaget aukar faren for snø- og sørpeskred, is- og steinsprang og overvatn i vegbanen. Det kan og koma regn som kan frysa på bakken, særleg i indre strok av Rogaland.

- Vi oppmodar alle trafikantar om å halde seg oppdatert om situasjonen på vegane før ein legg ut på tur, seier Svenn Egil Finden. Han er avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Oppdatert informasjon om situasjonen på vegane finn ein på www.175.no og i appen Vegvesen Trafikk.