Statens vegvesen drift og vedlikehald vest inviterer til ei innovasjonsøkt om framtidas beredskapsplanlegging på Leikanger 26. og 27. mai

Tema er "Framtidas beredskapsplanlegging – og korleis me byggjer god beredskap saman".

Bilete frå brannøving i Runehamartunnelen. To brannfolk driv slukking av kjøretøy inne i tunnelen.
Bilete frå brannøving i Runehamartunnelen. Foto: Markus Vogt/IFA

Felles situasjonsforståing

Det blir inviteret til ei innovasjonsøkt der ein saman utforskar korleis framtidas beredskapsplanar kan bli enklare, meir brukarvenlege og meir tilgjengelege for alle som treng dei.

Når hendingar oppstår, er det avgjerande å raskt etablere felles situasjonsforståing på tvers av aktørar. Når alle aktørar har same bilete av situasjonen, kan ressursar og innsats samordnast på ein trygg og effektiv måte.

I dag opplever mange at beredskapsplanar er omfattande, vanskelege å finne fram i og lite tilpassa situasjonar der det hastar. Entreprenørar, naudetatar og andre som jobbar operativt har peikt på behovet for klåre, oversiktlege og meir standardiserte løysingar.

Tenkje nytt om beredskap i praksis

Samtidig veit vi at god beredskap handlar om meir enn sjølve planane. Det handlar òg om korleis me samarbeider, deler informasjon, byggjer tryggleikskultur og gjer kvarandre betre rusta til å handtere hendingar i fellesskap. Difor tek innovasjonsøkta utgangspunkt i beredskapsplanar som case – men med eit breiare mål: å utforske korleis me kan tenkje nytt om beredskap i praksis.

Dette er også aktuelt i ein større regional samanheng. I Sogn og Vestlandsregionen går det føre seg viktige samtalar om korleis regionen kan ta ei tydelegare rolle innan digital sikkerheit og totalberedskap.

Vi ønskjer at denne innovasjonsøkta skal vere ein møteplass der fagmiljø frå ulike sektorar kan dele erfaringar og bidra med nye perspektiv på framtidsretta og robuste løysingar.

Målsetjing for samlinga

Når det hastar, må viktig informasjon vere lett å forstå, enkel å finne og universelt utforma, slik at løysingane fungerer for alle som treng dei.

Målet med innovasjonsøkta er å

  • gjere beredskapsplanar enklare å bruke
  • gjere viktig informasjon tydeleg og lett å finne
  • støtte ulike roller i handtering av hendingar
  • sikre at planar er like, oppdaterte og tilpassa praksis
  • gje aktørar rask felles situasjonsforståing, slik at alle jobbar i same retning
  • utforske korleis betre verktøy og betre samhandling kan styrkje samla beredskap

Startar med fullskala øving

Innovasjonsøkta blir arrangert tysdag 27. mai på Leikanger, men startar allereie dagen før, då ein måndag 26. mai gjennomfører me ei fullskala brannøving i rv. 13 Fatlatunnelen.

Vegvesenet  håpar òg at du vil delta som markør under øvinga, slik at du får sjå samhandling, utfordringar og informasjonsbehov på nært hald.

Ved å kombinere øving og innovasjon samlar me eit tverrfagleg fagmiljø, og får ein unik moglegheit til å hente innsikt frå praksis og utvikle idear tett på verkelegheita og brukarane.

Kven kan delta?

Innovasjonsøkta er open for alle som ønskjer å bidra med innsikt, erfaring eller nye perspektiv innan:

  • beredskap og samfunnstryggleik
  • drift og vedlikehald
  • IKT og digital sikkerheit
  • politi, helse og andre naudetatar
  • privat næringsliv
  • utdannings- og fagmiljø
  • andre relevante fagområde

Kontakter

Anne Siv Liljedahl

Rådgivar
E-post:
Aktuelt for fylke(r): Vestland