Statens vegvesen skal frå 18. mai gjere arbeid ved Folkestad og på strekninga Søre Bjørkedalen – Stigedalen i Volda kommune.

Arbeidet som skal gjerast, er:

  • Skifte åtte stikkrenner (rør gjennom vegen)
  • Forsterke eksisterande mur med betongkant og nytt rekkverk

Det vil bli lagt opp til arbeid på dagtid, klokk 07.00-18.00, måndag – fredag. Det vil bli nedsett fartsgrense.

Område sør: Mellom Søre Bjørkedalen og Stigedalen skal Statens vegvesen vedlikehalde vegen. Kart: Statens vegvesen
Område sør: Mellom Søre Bjørkedalen og Stigedalen skal Statens vegvesen vedlikehalde vegen. Illustrasjon: Kart: Statens vegvesen

Det blir lysregulering, og kan i korte periodar bli behov for manuell dirigering.

– Vi har eit mål om å halde minst eit køyrefelt ope til ei kvar tid, seier byggeleiar Åge Ødegård i Statens vegvesen.

Arbeidet skal etter planen vere ferdig i løpet av hausten.

Område nord: Mellom Folkestad og Krumsvika skal Statens vegvesen vedlikehalde vegen. Kart: Statens vegvesen
Område nord: Mellom Folkestad og Krumsvika skal Statens vegvesen vedlikehalde vegen. Illustrasjon: Kart: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal