Arbeid på rv. 651 Folkestad og Søre Bjørkedalen-Stigedalen
Statens vegvesen skal frå 18. mai gjere arbeid ved Folkestad og på strekninga Søre Bjørkedalen – Stigedalen i Volda kommune.
Arbeidet som skal gjerast, er:
- Skifte åtte stikkrenner (rør gjennom vegen)
- Forsterke eksisterande mur med betongkant og nytt rekkverk
Det vil bli lagt opp til arbeid på dagtid, klokk 07.00-18.00, måndag – fredag. Det vil bli nedsett fartsgrense.
Det blir lysregulering, og kan i korte periodar bli behov for manuell dirigering.
– Vi har eit mål om å halde minst eit køyrefelt ope til ei kvar tid, seier byggeleiar Åge Ødegård i Statens vegvesen.
Arbeidet skal etter planen vere ferdig i løpet av hausten.
Aktuelt for fylke(r):
Møre og Romsdal