Gjer E134 Ølen-Mørkeli breiare, rettare og betre
I dag starta Statens vegvesen på jobben med å utbetra E134-strekninga Ølen-Mørkeli.
Det etterlengta prosjektet varar etter planen to og eit halvt år.
Dette er prosjektet Ølen-Mørkeli
– Vi skal utbetra 6,3 km av E134 slik at vegen får gul midtstripe og forsterka vegoppmerking, som består av rumlefelt i midten og på sidene, seier prosjektleiar Johannes Handeland i Statens vegvesen.
Fleire kurver skal rettast ut og det skal gjerast arbeid med sideterrenget for å betra sikta. I tillegg skal vegstrekket asfalterast og rekkverk skal utbetrast/skifast ut.
Etablering av kulvertar og tiltak i vassdrag/omlegging av bekker ligg også til jobben. Ei ny bru er også del av prosjektet,
Trafikantane vert påverka i varierande grad gjennom anleggstida.
Vegen vil bli stengd i kortare periodar i samband med sprengingsarbeid. Det vil også bli nytta trafikklys på deler av strekninga. Manuell dirigering og nedsett fartsgrense er også aktuelle tiltak i byggeperioden.
– Vi har forståing for at dette kan mellombels verta krevjande for trafikantane, men hugs på at vi gjer dette for dei, for at vegen i området skal verta betre, slik det lenge har vore eit ønske om, legg Handeland til.
-
Bilde 1 av 4: Skisse av prosjektet Ølen-Mørkeli. Her frå Fikse. Illustrasjon: Statens vegvesen -
Bilde 2 av 4: Skisse av prosjektet Ølen-Mørkeli. Her frå Dørheim. Illustrasjon: Statens vegvesen -
Bilde 3 av 4: Skisse av prosjektet Ølen-Mørkeli. Her frå Fikse. Illustrasjon: Statens vegvesen -
Bilde 4 av 4: Skisse av prosjektet Ølen-Mørkeli. Her frå Hiksdalskrysset. Illustrasjon: Statens vegvesen
Vossa-firma er entreprenør på jobben som ligg både i Rogaland og Vestland
Prosjektet er finansiert gjennom Haugalandspakka og med statlege midlar. Her er Vegvesenet si prosjektside.
Det er Vossa-firmaet Hirth Himle Entreprenør AS er hovud-/totalentreprenør på prosjektet, etter å ha levert eit tilbod på 164 millionar pluss moms.
Prosjektet kryssar både ei kommunegrense og ei fylkesgrense. Vindafjord ligg i Rogaland, medan Etne ligg i Vestland.