Skal du finna eigaren av eit køyretøy? Sjekk om du kan få opplysningane gratis
På vegvesen.no finn du kven som eig eit køyretøy gratis.
Statens vegvesen deler store mengder data. Fleire private aktørar tilbyr tilgang til dei same eller liknande opplysningane mot betaling.
– Dei kan gjera dette, men dei har sjølv ansvar for at dei har lovleg grunnlag for å behandla opplysningane. Dei deler ikkje data på vegne av Statens vegvesen, og dei har heller ikkje lov til å bruka logoen vår i marknadsføringa av slike tenester, seier seksjonsleiar Heidi Øwre i Statens vegvesen.
For å finna ut kven som er eigar av eit køyretøy kan du sjekka gratis på vegvesen.no, eller senda SMS med «regnr» til 2282. Det kostar 3 kroner.
Ver merksam på tenester som ser gratis ut
Forbrukarrådet får jamleg førespurnader frå forbrukarar som trudde dei hadde bestilt ei gratis vare eller teneste, men som seinare oppdaga at ho kosta pengar.
– Det er ikkje lov å krevja betaling for ei teneste utan at det finst ein bindande avtale, seier fagsjef Thomas Iversen i Forbrukarrådet.
Han peikar samtidig på at enkelte tenester ikkje gjer det tydeleg nok at kunden må betala, eller at tilbodet inneber eit abonnement.
Viss eit selskap ikkje gir nødvendig informasjon om angreretten, kan angrefristen forlengjast til 12 månader og 14 dagar etter at du bestilte tenesta.
Ønskjer du å bruka angreretten, kan du først kontakta selskapet. Dersom det ikkje fører fram, kan kortreklamasjon vera aktuelt. Du kan lesa meir om kortreklamasjon hos Forbrukarrådet.
Derfor deler Statens vegvesen data
Å gjera offentlege data tilgjengelege er ein viktig del av Statens vegvesen sitt samfunnsoppdrag.
– Vi ønskjer å dela så mykje data som mogleg, og offentleglova stiller også krav om å vera open. Vi deler ikkje opplysningar som er halde unna offentleg innsyn. I desse tenestene deler me namn og kommune, og i enkelte tilfelle adresse. Vi deler ikkje annan kontaktinformasjon, seier Øwre.
Dei fleste tenestene krev at du loggar inn med sikker ID. Det avgrensar tilgangen til eigaropplysningar og bidreg til at data kan sporast.