Filter:

Storstilt vegopning i Kjøsnesfjorden

— H.M. Kong Harald opna i dag, 2. november rassikringsprosjektet rv. 5 Hammarsgrovi-Stølsneset. Trass i brutalt vestlandsvêr med sterk vind, var det mange som møtte fram og tok del i vegopninga.

Nordisk ekspertgruppe

— Statens vegvesen har ei eiga ekspertgruppe frå dei nordiske landa som samtalepartnar i samband med planlegging og bygging av Hardangerbrua.

Støtte frå KOFA

— Statens vegvesen får i all hovudsak medhald frå Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) i avgjerda om tildeling av kontrakt for stål- og montasjeoppdraget på Hardangerbrua

Ein støyp over to døgn

— Den første storstøypen på brufundament til Hardangerbrua gjekk kontinuerleg i 50 timar.

Verdas høgaste tunnelmunning

— Verdas høgaste tunnelmunning er no ferdig sprengt ut i Vallavik, på vegen fram mot Hardangerbrua. Ei høgde på 23 meter er heilt eineståande. Årsaka til den uvanleg høge tunnelportalen er den estetiske utforminga av Hardangerbrua.

Ras påverkar tunnelarbeid

— Ras og stenging av E16 i Nærøydalen fører til at den planlagde nattestenginga av rv. 7 og 13 Vallaviktunnelen blir utsett ei veke.

Fleire bruleveransar

— Britiske Bridon Ltd. skal levere kabeltråd til Hardangerbrua. Tolv selskap har henta tilbodsdokument for levering av forankringsstag med plater og kabelsko.

Alvorleg arbeidsulykke i Vallavik

— Statens vegvesen har stogga arbeidet med tilførselsvegane til Hardangerbrua etter ei alvorleg arbeidsulykke i Vallavik måndag morgon.