Når vi må innføre kolonnekøyring eller stengje ein fjellovergang, er det for å vareta sikkerheita di.

Ein brøytebil brøyter snø på Haukelifjell.
E134 Haukelifjell. Foto: Mesta

På riksvegnettet i Noreg er det 23 fjellovergangar. Vi gjer alt vi kan for å halde overgangane opne for fri ferdsel året rundt, men på vinterstid kan vêret gjere det umogleg.

For å vareta sikkerheita for deg som trafikant må vi iblant innføre kolonnekøyring og i nokre tilfelle stengje fjellovergangar heilt. 

Kolonnekøyring

Mange av strekningane får kolonnekøyring når vêr- og køyreforholda gjer det uforsvarleg å køyre åleine. Då loser brøytemannskapa deg trygt over fjellet, med éin brøytebil føre kolonnen og éin bak.

Hugs full tank eller fullada batteri på bilen når du skal køyre i kolonne, varme klede, mat og varm drikke.

Stengde fjellovergangar

Iblant er vêret så dårleg at det er umogleg å halde fjellovergangane opne. Då må vi stengje dei for all trafikk. 

Når fjellovergangane er stengde, er vegen sperra med bom. Det er viktig å ikkje ta seg forbi bommen sjølv om vêret kanskje ikkje ser så dårleg ut. Oppe på fjellet kan det vere verre enn ved bommen.

Når vegen er stengt, jobbar mannskapa fortsatt med å brøyte vegen, så sant det er forsvarleg. Dette er for å kunne opne vegen att så fort som mogleg når vêret tillet det.

Fjellovergangar på riksvegnettet

Sør-Noreg

E6 Dovrefjell

E16 Filefjell

E39 Ørskogfjellet

E39 Fursetfjellet

E134 Haukelifjell

Rv. 3 Kvikne

Rv. 7 Hardangervidda

Rv. 9 Hovden – Haukeli

Rv. 13 Vikafjellet

Rv. 15 Strynefjellet

Rv. 52 Hemsedalsfjellet

Nord-Noreg

E6 Saltfjellet

E6 Kråkmofjellet

E6 Gratangsfjellet

E6 Kvænangsfjellet

E6 Sennalandet

E6 Hatter

E10 Bjørnfjell

E12 Umbukta

E69 Skarsvåg - Nordkapp

Rv. 73 Krutfjellet

Rv. 77 Graddis

Rv. 94 Kvalsund bru - Hammerfest

Last ned kart over fjellovergangar 

Vi gjer alt vi kan for å halde fjellovergangane opne året rundt, men vinterstid må vi iblant innføre kolonnekøyring og i nokre tilfelle stengje dei heilt. Då gjer vi det for å vareta sikkerheita di. Sjekk vêr- og føreforholda før du skal køyre over fjellet, husk varme klede, mat og drikke. Sørg for å ha nok straum eller drivstoff på bilen. Video: Statens vegvesen/Øystein Skotte.
Sist oppdatert: