Statens vegvesen har ansvar for å brøyte, salte og strø europa- og riksvegane. Her kan du lese korleis me driftar vegane våre på vinteren.

Fylkeskommunane har ansvar for fylkesvegane, og kommunen har ansvar for dei kommunale vegane.

Vinterdrifta er svært viktig for at vegane skal vere framkomelege og trafikksikre. Å drifte vegane våre om vinteren krev god organisering og beredskap slik at vi raskt kan setje i verk nødvendige tiltak for å halde ved lag den standarden vegen skal ha.

Oppgåvene med vinterdrift kan delast i

  • snøbrøyting og -ryddinsandstrøing
  • salting
  • andre vinterarbeid 

Snøbrøyting og -rydding

Føremålet med snøbrøyting er å fjerne laus snø frå eit brøyteareal. Brøytearealet kan i tillegg til vegbanen også omfatte for eksempel busslommer, rasteplassar, snuplassar, møteplassar, parkeringsplassar, gang- og sykkelfelt og fortau.

Snøbrøyting bør gjerast under, eller rett etter, snøver. For å unngå at snøen blir nedkøyrd til eit hardt snødekke som er vanskeleg å fjerne med plog, er det viktig å starte snøbrøytinga tidleg – og før det er mykje trafikk på vegen. Snøbrøyting blir vanlegvis gjort med plog montert på ein lastebil, men også traktor, høvel eller hjullastar kan brukast.

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for tilstanden på europa- og riksvegane, men sjølve jobben med brøyting og strøing blir gjort av private entreprenørar. Entreprenørane blir valde etter ein ordinær tilbodskonkurranse.

Statens vegvesen har laga ein landsdekkjande standard for brøyting, strøing og salting, og i kontraktane mellom Statens vegvesen og entreprenørane er denne standarden beskriven. Statens vegvesen har jamlege kontrollar for å sjekke at entreprenøren følgjer denne standarden.

Dei ulike vinterdriftsklassane

Vegane er delte inn i fem vinterdriftsklassar, frå A til E. Trafikkmengd og klimaforhold avgjer kva vinterdriftsklasse ein veg har. Ingen riksvegar har driftsklasse E.

  • Vinterdriftsklasse A: På desse vegane skal det vere berr veg (tørr eller våt).
  • Vinterdriftsklasse B: Desse vegane skal ha berr veg (tørr eller våt), men hard snø/is er tillate utanom hjulspor i eit avgrensa tidsrom.
  • Vinterdriftsklasse C: I periodar med lite nedbør eller rimdanning, og ved temperaturar rundt null gradar, skal vegbanen i klasse C vere fri for is og snø. I kalde periodar og ved større snøfall kan vegbanane ha eit hardt og jamt snø- og isdekke.
  • Vinterdriftsklasse D: Godkjent føreforhold er hard snø/is.
  • Vinterdriftsklasse E: Godkjent føreforhold er hard snø/is, og friksjon ned til 0,20 blir akseptert. Driftsklasse E skal ikkje nyttast på riksvegar.

Krava til vinterklassane gjeld i ein normalsituasjon. Ved spesielle vêrtilhøve gjeld andre krav. Snør det svært mykje for eksempel, er det ikkje mogleg for brøytemannskapa å halde vegane berre til ei kvar tid (klasse A og B). I kontrakten dei har med Statens vegvesen, er det definert kor lang tid dei då har på seg til å få vegane i godkjent stand etter at snøvêret har gitt seg.

Når brøytar vi?

Når entreprenøren brøytar og strør, varierer ut ifrå kva for vinterdriftsklasse vegen har. Kva for klasse ein veg skal ha, blir bestemt ut frå trafikkmengde og andre forhold som for eksempel nasjonal/regional trafikkrute, kollektivtrafikk, geometrisk standard, vêrforhold, ulykkessituasjon og liknande.

Vegane i Noreg er delte inn fem klassar, frå A til E. Dei mest trafikkerte vegane er dei som blir brøyta og strødde oftast, og desse vegane er delte inn i klasse A og B. For å halde desse vegane berre bruker vi salt.

Dei mindre trafikkerte vegane, eller vegar i område med stabilt kalde vintrar, er delte inn i klassane C, D og E. På desse vegane bruker vi hovudsakleg sand for å unngå glatt veg, men i nokre tilfelle bruker vi også salt.

Transportruter som naturleg heng saman, skal i størst mogleg grad ha same driftsklasse. Statens vegvesen ønskjer ikkje hyppige skift mellom ulike standardar (driftklassar) langs vegen. Der standarden blir endra, skal det ikkje skje overraskande eller skape problem for trafikantane.

Ver merksam på at brøytemannskapa baserer arbeidet sitt på vêrprognosar, og når desse slår feil, kan det ta lengre tid før brøytinga kjem i gang. I enkelte situasjonar kan entreprenørane ha vanskar med å gjennomføre arbeidet slik at ønskt standard blir halden ved lag. Dette kan for eksempel vere når det er kraftig og langvarig snøfall eller plutselege endringar i vêrforholda.

Kvifor køyrer brøytebilane saktare enn fartsgrensa?

Brøyteplogane fjernar snøen best ved brøytefart opp til 40 km/t. Dersom dei brøytar med høgare fart, vil mykje av snøen bli liggjande igjen etter plogen. Dessutan vil brøyting med høg fart kunne gi skadar på skilt og anna utstyr langs vegen, og det kan skape farlege situasjonar dersom plogen treffer ujamnar eller hinder på vegen. 

Kvifor køyrer brøytebilane fleire i breidda?

Der det er fleire felt i same køyreretning, må alle felta brøytast samtidig. Dersom ikkje vil det bli liggjande igjen snø etter plogen i feltet ved sida av. Derfor må fleire brøytebilar køyre etter kvarandre med så kort avstand at dei får rydda heile vegbreidda samtidig.

Brøytebilane må køyre slik at neste brøytebil får tatt med seg all snøen frå forrige brøytebil utan at det kjem andre bilar mellom. Dette blir kalla tandembrøyting. Dersom nokon prøver å køyre forbi ei slik rekke med brøytebilar, vil det føre til farlege situasjonar på grunn av snøsprut og mykje snø i vegbanen.

Brøytestikker

Brøytestikkene skal hjelpe alle trafikantane ved å vise kvar vegen går. Dette er spesielt viktig i dårleg vêr som ved tåke, snøvêr og mørke haustdagar. Brøytestikkene er derfor viktige for trafikksikkerheita for alle trafikantar. I tillegg hjelper brøytestikkene med å markere brøytearealet for brøytemannskapa.

Brøytestikker blir sette ut om hausten, og entreprenørane samlar dei inn når vinteren er over. Heile brøytestikker blir brukte om att neste år. Øydelagde brøytestikker skal samlast inn på lik linje med søppel langs vegane.

Vintersesongen 2020–2021 testa Statens vegvesen ut nye typar brøytestikker. Desse var laga av resirkulert plast, furu og pil i tillegg til dei tradisjonelle brøytestikkene av plast og bambus. Dei vart testa langs riksveg 9 Setesdal, E6 Dovrefjell og E6 Fauske, i tillegg til eit prøvefelt på Bjorli flyplass.

Her testa vi kor synlege dei ulike brøytestikkene var under ulike vêrforhold, og kor godt dei tålte belastinga frå brøyting gjennom vinteren. Forsøket viste at brøytestikkene av raud plast er best synlege under dei fleste vêrforhold, og det viste seg også at plaststikkene var mest haldbare.

Sandstrøing

Sandstrøing er eit viktig tiltak for å oppnå godt veggrep på snø- og isdekte vegar. Strøing blir gjort for å halde friksjonen ved lag eller ein kan strø preventivt dersom vêrprognosane tilseier at det plutseleg kan bli glatt ved overgang til mildvêr eller regn på snø- eller isdekke.

Vi har tre ulike metodar for sandstrøing

Tørr sand

Tørr sand og saltblanda sand har god effekt på våt og ru is, men på vegar med mykje trafikk har strøing avgrensa varigheit. Store køyretøy har ein tendens til å blåse sanda av vegen, og etter få køyretøy ligg mesteparten av sanda i grøftekanten. Tiltaket må derfor gjentakast ofte på vegar med mykje tungtrafikk og høg fart. Etter 50–100 bilar er effekten i hjulspora ofte borte.

Saltblanda sand 

Sand blir tilsett 1–2 prosent salt på lager for å unngå at sanda frys. Strøsanda skal ikkje ha sandkorn med diameter over 6 mm då dette aukar faren for skadar på bilruter ved steinsprut.

Fastsand

Sand fukta med varmt vatn på ca. 95 gradar. Fastsand er ein effektiv metode på hard is og når det er kalde og stabile vêrforhold. Blandinga av varmt vatn og sand gjer at klumpar av sand smeltar seg ned i isen før dei frys fast, noko som gir ein sandpapireffekt.

Salting

Salt i tillegg til brøyting er eit hjelpemiddel i vinterdrifta for raskt å oppnå eller halde ved lag berr veg. Saltet bryt ned strukturen i snøen slik at han ikkje festar seg til vegbanen, og dermed kan han brøytast bort.

Salt skal ikkje brukast til tining av snø og is, bortsett frå å fjerne rim og tynne ishinner i vegbanen. Å salte preventivt før det oppstår rim eller ishinner i vegbanen, gir best effekt ved at vi unngår glatt veg.

Dessutan treng vi mindre salt for å unngå frysing samanlikna med kva vi treng for å kunne tine is. Salt verkar best på vegar med stor trafikk. I vinterdriftsklassane D og E blir salt brukt berre unntaksvis.

Kvifor saltar vi når det er plussgradar?

Éin av fordelane med salt er at vi kan gjere tiltak før vegen blir glatt. Dersom vêrmeldingane viser at det kan bli danna is eller rim på vegen, skal det saltast for å hindre isdanning og halde ved lag berr veg. Dersom det er meldt snø, saltar vi i forkant av snøvêret for å hindre at snøen festar seg til vegbanen og det blir lettare å brøyte bort snøen.

For å vurdere om det er behov for salting, bruker vi både observasjonar frå vêrstasjonar, befaring og vêrprognoser kombinert med lokalkunnskap og tidlegare erfaringar. Vi ønskjer å halde ved lag berr veg med bruk av minst mogleg salt. Forholda kan skifte fort og variere mykje på same strekninga, så det er vanskelege avgjerder som må takast.

Det er også viktig å tenkje på at det av og til kan vere ganske stor skilnad på lufttemperaturen og temperaturen på vegbanen. Ved klarvêr om natta vil det ofte bli kaldare i vegbanen enn i lufta på grunn av utstråling, og temperaturen i vegbanen kan søkke raskt ved plutseleg oppklaring.

I nokre tilfelle vil vi kunne oppleve at det er kuldegradar på vegbanen medan det er varmegradar i lufta. Dersom vegbanen er våt eller fuktig, vil det kunne vere behov for å salte for å unngå isdanning sjølv om det er varmegradar i lufta. Ved høg luftråme kan det også bli danna is på tørr vegbane ved at fukt frå lufta blir skilt ut og frys til is på ein kaldare vegbane. Det er dette som blir kalla rimfrost.

Andre vinterarbeider

Andre vinterarbeid er

  • å setje ut, supplere og ta ned brøytestikker
  • tining av grøfter og stikkrenner
  • opning av brøytekantar for vatnavleiing
  • fjerning av is og istappar i skjeringar
  • utbetring av telehiv
  • opprydding etter snøskred
  • opning av vinterstengde vegar
Sist oppdatert: