Det er over 6 000 brukonstruksjonar på riks- og europavegane. Vedlikehaldet vårt sikrar at dei er trygge, og gir dei lengre levetid.

 Hålogalandsbrua i Narvik kommune.
Foto av Hålogalandsbrua i Narvik kommune. Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen gjer alt vi kan for å halde riks- og europavegane opne og sikre året rundt, slik at du får ein enklare reisekvardag.

For at det skal vere mogleg, må vi jamleg utføre vedlikehald. Ei bru blir rekna å ha ei levetid på 100 år og ei ferjekai 50 år. Derfor bruker vi årleg rundt ein halv milliard på vedlikehald av dei over 6 000 brukonstruksjonane våre.  

Vi er klare over at vedlikehaldsarbeid langs vegen kan skape trafikale utfordringar. Vi gjer derfor alt vi kan for å informere breiast og best mogleg om vedlikehald, slik at trafikkavviklinga blir så smidig og trygg som mogleg.

Det er derfor viktig at alle bilistar respekterer trafikkreguleringa, uansett om ho skjer ved skilting, lys eller dirigent. Der vedlikehaldet skapar trafikale utfordringar, prøver vi å gjere oss ferdige med alt når vi er i gang.

Trygge bruer gir enklare reisekvardag

Inspeksjonane på bruene er grundige og tidkrevjande, slik at vi i Statens vegvesen til kvar tid har oversikt over tilstanden og behovet for vedlikehald.

Dette sikrar at bilistane til kvar tid kan stole på at samtlege bruer er trygge å køyre på. Vi ønskjer å liggje i forkant med inspeksjonsarbeidet slik at vi får mest mogleg att for dei årlege vedlikehaldsmidlane.

Trygge bruer er med på å gi ein enklare reisekvardag og oppfylle visjonen vår om null drepne og hardt skadde i trafikken.

Det er fleire typar inspeksjon på bruene:

  • Ein enkelinspeksjon er utan krav til bruk av tilkomstutstyr.
  • En hovudinspeksjon skjer kvart femte år og er ein grundig kontroll av heile brua på nært hald. Her bruker vi utstyr som drone, brulift, stige, klatreutstyr, båt, dykkar og fjernstyrt undervatnsfarkost.

Noko av det viktigaste vi ser etter, er skadar som kan påverke bereevna og trafikksikkerheiten til bruene. Typiske teikn på dette kan vere setningsskadar, erosjon, sprekkar, brot, avskaling, rust, betongskadar og målingsskade på stål.

Drone og annan ny teknologi kan bli meir brukt på bruinspeksjonar i framtida.

Miljøvenleg å halde bruer ved like

Det grøne skiftet har sitt å seie også for bruvedlikehaldet. Med rett vedlikehald til rett tid kan vi halde ved lag bereevna og trafikksikkerheita og også forlengje levetida på bruene. Nybygg gir betydeleg høgare CO2-utslepp med tanke på både riving, bygging og transport.

Kildesortering i samband med vedlikehald bidrar også i Statens vegvesen sitt mål om å bidra til oppfylling av Noreg sine klima- og miljømål.

Den eldste brua i drift på riksvegane våre er Låtefossbrua på riksveg 13 i Ullensvang kommune i Vestland. Den 60 meter lange brua vart bygd så langt attende som 1859.

Bygginga av bruer og brukonstruksjonar har særleg skote fart frå 1970 og framover. Blant dei nyaste er Tana bru som opna i 2020, og den nye Varoddbrua i Kristiansand.

Vedlikehald av ferjekaier

Ei ferjekai blir rekna å ha ei levetid på rundt 50 år. Ferjekaier skal ha hovudinspeksjon kvart tredje år. Ferjekaier har mykje større påkjenningar enn bruer, og derfor blir inspeksjonane gjort hyppigare.

Statens vegvesen har også ansvaret for 16 riksvegferjesamband. Resten av dei rundt 100 ferjesambanda i landet er fylkessamband eller kommunale samband.