Når vi stengjer tunnelane er det fordi vi må kontrollere og halde ved like det tekniske sikringsutstyret for å vareta sikkerheita for deg som trafikant.

Tre personer i arbeidsklær inspiserer et elektroskap i en tunnel.
Elektroinspeksjon. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen

Det er mykje teknisk utstyr i ein tunnel som må kontrollerast og haldast ved like jamleg for å vareta sikkerheita for deg som trafikant. I gjennomsnitt stengjer vi tunnelar over 500 meter ca. éin gong i månaden i samband med planlagt, eller såkalla periodisk, vedlikehald.

Entreprenørar med spesialkompetanse på tunnelvedlikehald gjer arbeidet saman med oss i Statens vegvesen. Vi jobbar når trafikken er låg, derfor stengjer vi ofte tunnelar om natta.

Dette gjer vi i tunnelen når han er stengd

Vi gjer ikkje alt på ein gong, men prøver å få gjort flest mogleg oppgåver samtidig for å få færrast mogleg stengingar:

Testing av trafikkstyringsutstyr

Vi testar at vegtrafikksentralen (VTS) kan styre vifter, skilt, bommar og varsellys. Dei fem vegtrafikksentralane til Statens vegvesen overvaker vegnettet i landet, og særleg tunnelar som er over 500 meter lange sidan dei har ekstra tryggingsutrusting.

Vasking av overvakingskamera

Vi vaskar overvakingskameraa i dei tunnelane som er utstyrte med slike. Det er viktig at kameraa er reine sidan dei hjelper til med å oppdage ulykker og andre hendingar, slik at operatørane på vegtrafikksentralen kan stengje tunnelen om nødvendig.

Kontroll av nødstasjonar

Vi kontrollerer at nødtelefonar og brannslokkingsapparat er i orden. Skulle det oppstå ei hending, og du løftar av telefonrøret i ein nødstasjon, vil det ringe automatisk hos vegtrafikksentralen, og dei kan sjå kvar i tunnelen du ringer frå.

Det same gjeld brannslokkingsapparat. Løftar du av eit apparat i ein nødstasjon, blir det registrert hos vegtrafikksentralen, og dei kan sjå kvar i tunnelen du oppheld deg. Dersom tunnelen er utstyrt med leielys, byrjar dei å lyse når du fjernar eit brannslokkingsapparat.

Kontroll av vifter

Vi sjekkar at tunnelviftene verkar og at det er kontakt med vegtrafikksentralen. Operatørane på vegtrafikksentralen overvaker luftkvaliteten i tunnelen, og med viftene styrer dei luftstraumen i tunnelen, både i dagleg drift og dersom det oppstår røykutvikling.

Kontroll av nødstraum

Vi sjekkar at nødstraumen verkar. Sikkerheitsutrustinga som skal hjelpe trafikantane i ein nødssituasjon, skal fungere også om det oppstår straumbrot i tunnelen.

Kalibrering av gassmålarar

Vi kalibrerer målarane som registrerer eksosgassar (CO og NOx) i tunnelen, og sørgjer for god ventilasjon. Blir verdiane av slike gassar for høge, blir det registrert hos vegtrafikksentralen, og dei stengjer tunnelen om nødvendig.

Kontroll av vatntilførsel

Vi kontrollerer at brannhydrantar fungerer og at annan vatntilførsel er tilgjengeleg.

Tunnelvask

Vi må vaske tunnelen for støv og skit ganske ofte for å halde ved lag god sikt, godt synlege skilt og tunnelutstyret si levetid. Det er viktig for trafikksikkerheita.

Vi utfører tre typar tunnelvask med jamne mellomrom, avhengig av trafikkmengde:

  • heilvask – heile tunnelen med tekniske installasjonar blir vaska frå vegbane til tak.
  • halvvask – tunnelen blir vaska frå vegbanen og opp til ei viss høgd.
  • teknisk vask – tekniske installasjonar blir vaska og vegbanen spylt og feia for å bli kvitt småpartiklar.

Fjerning av slam

Vi fjernar slam som samlar seg opp i kummane i tunnelen.

Inspeksjon av tunnelkonstruksjonen

Vi inspiserer berget og bergsikringa kvart femte år for å sjekke om tunnelkonstruksjonen held seg stabil.

Vi må kontrollere og halde ved like det tekniske tryggingsutstyret jamleg for å vareta trygginga di som trafikant. Her ser du kva vi gjer i tunnelane når dei er stengde. Video: Øystein Skotte / Statens vegvesen.

Vedlikehald av tunnelar under 500 meter 

Korte tunnelar, under 500 meter lange, har ikkje så mykje utstyr, og det er litt mindre krav til overvaking, men også dei har behov for normalt vedlikehald.

Blant anna må vi kontrollere lys og vaske tunnelen etter behov. I tillegg gjennomfører vi jamleg inspeksjonar for å sjå om det finst laust fjell eller andre skadar som kan føre til at ting fell ned i vegbanen.

Andre grunnar til at tunnelen er stengd

Ein tunnel kan også vere stengt av andre årsaker, som

  • upårekna hendingar og ulykker som for eksempel motorstopp, last som har falle av ein hengjar, punktering, brann i køyretøy, og kollisjon
  • utbetring etter skadar, feil eller manglar
  • beredskapsøvingar der Statens vegvesen og nødetatane øver saman for å bli betre rusta til å handtere hendingar i tunnelen
  • store utbetringar og oppgraderingar for å innfri krava i tunnelsikkerheitsforskrifta

Verdt å vite

Dogg og is på frontruta

Ved enkelte vêrforhold vil fukta i den varme lufta inne i tunnelen kondensere når ho treffer kald luft ute. Det ser du vanlegvis ved at det er tåkete ved tunnelportalen.

Då er det viktig å senke farten, skru på varmen på vifta, setje på vindaugsviskarane før du køyrer inn i tunnelen, og bruke spylevæske dersom det isar. Ver obs der det er skilta om doggproblem.

Brann i tunnel

Ved brann i tunnel er det viktig å handle raskt og kome seg ut av tunnelen. Sjå tips vi har til kva du bør vite på sida Brann i tunnel.

Sist oppdatert: