Kven kan køyre i kollektivfelta, sambruksfelta og tungtrafikkfelta?
Hovudregelen er at bussar og drosjer med taklykt kan køyre i kollektivfelta der skilta viser dette.
I tillegg kan ei rekkje andre køyretøy nytte seg av feltet. Tilgangen til eit kollektivfelt kan bli avgrensa ved bruk av underskilt.
Desse køyretøya kan også bruke kollektivfelta
- elektriske og hydrogendrivne køyretøy
- motorsykkel med to hjul utan sidevogn
- moped med to hjul
- sykkel
- uniformerte utrykkingskøyretøy
- minibussar i løyvepliktig persontransport
- minibussar (inntil 16 personar) som fraktar minst sju passasjerar i tillegg til sjåføren
Motorsykkel og moped med tre eller fire hjul kan ikkje køyre i kollektivfelt. Der kollektivfeltet er på ein motorveg eller motortrafikkveg, har ingen mopedar lov å køyre.
Det gjeld særleg reglar der kollektivfelt er på motorveg og motortrafikkveg.
Dersom kollektivfeltet er på ein motorveg eller motortrafikkveg, må køyretøyet kunne køyre i minst 40 kilometer i timen for å bruke feltet.
Skilt i kollektivfelt
Skilta fortel kva køyretøy som har lov til å køyre i kollektivfelta.
Kollektivfelt for buss
I felt med dette skiltet kan følgjande køyretøy køyre:
- bussar
- minibussar i løyvepliktig yrkestransport
- minibussar (inntil 16 personar) som fraktar minst sju personar i tillegg til sjåføren
- elektriske eller hydrogendrivne køyretøy
- motorsykkel med to hjul utan sidevogn
- moped med to hjul
- sykkel
- uniformerte utrykkingskøyretøy
Kollektivfelt for buss og drosje
I felt med dette skiltet kan følgjande køyretøy køyre:
- drosjer med taklykt
- bussar
- minibussar i løyvepliktig yrkestransport
- minibussar (inntil 16 personar) som fraktar minst sju personar i tillegg til sjåføren
- elektriske eller hydrogendrivne køyretøy
- motorsykkel med to hjul utan sidevogn
- moped med to hjul
- sykkel
- uniformerte utrykkingskøyretøy
Skilt i sambruksfelt
I felt med dette skiltet kan følgjande køyretøy køyre:
- køyretøy med minst så mange personar som er oppgitt på skiltet
- drosjer med taklykt
- bussar
- minibussar i løyvepliktig persontransport
- minibussar (inntil 16 personar) som fraktar minst sju personar i tillegg til sjåføren
- elektriske eller hydrogendrivne køyretøy
- motorsykkel med to hjul utan sidevogn
- moped med to hjul
- sykkel
- uniformerte utrykkingskøyretøy
Moped og motorsykkel med tre eller fire hjul kan ikkje køyre i sambruksfel. Der sambruksfeltet er på ein motorveg eller motortrafikkveg, har ingen mopedar lov til å køyre.
Det gjeld særlege reglar der sambruksfelt er på motorveg og motortrafikkveg.
Skilt ved slutt på kollektiv- og sambruksfelt
Skilta under viser når det er slutt på kollektiv- og sambruksfelta, og trafikantane må over i vanleg køyrefelt.
Slutt på kollektivfelt
Slutt på sambruksfelt
Underskilt kan avgrense tilgangen til kollektivfelt
Tilgangen til eit kollektivfelt kan avgrensast ved bruk av underskilt. Underskilt kan til dømes angi at nokre grupper køyretøy ikkje kan køyre i feltet heile eller deler av døgnet.
Eit underskilt med teksten «Gjeld ikkje elmotorvogn» betyr at elektroniske motorvogner ikkje har tilgang til det aktuelle kollektivfeltet. Dette underskiltet omfattar ikkje tohuls motorsykkel utan sidevogn, tohjuls moped, sykkel, lita elektronisk motorvogn eller uniformert utrykningskøyretøy.
Eit skilt med teksten «Gjeld ikkje elmotorvogn man-fre» betyr at det berre er tillate å bruke elmotorvogn i kollektivfeltet i helgene. Det vil seie at det berre er tillate lørdag og søndag (lørdag kl. 00.00 til søndag kl. 23.59), ikkje andre heilagdagar («raude dagar»).
Underskilt kan også oppgi andre vilkår, for eksempel krevje at du har med minst éin passasjer.
Skilt i tungtrafikkfelt
I felt med dette skiltet kan følgande køyretøy køyre:
- motorvogn med tillatte totalvekt høgare enn angitt (i eksempelet 7,5 tonn)
- uniformert utrykningskøyretøy
Underskilt kan utvide tilgangen til tungtrafikkfelt
Tilgangen til tungtrafikkfelt kan bli utvida ved bruk av underskilt. For eksempel vil underskilt med teksten «Tillatt for taxi» bety at også taxi kan køyre i feltet.
Motorveg og motortrafikkveg
Det gjeld spesielle reglar der kollektivfeltet, sambruksfelt og tungtrafikkfelt er på ein motorveg eller motortrafikkveg. På slike vegar er det berre tillate å køyre med motorvogner som lovleg kan køyrast med minst 40 kilometer i timen.
Mopedar har ikkje lov å køyre på motorveg eller motortrafikkveg, sjølv om dei kan køyre i 40 kilometer i timen.