Når du syklar, blir du rekna som køyrande. Det vil seie at du må kjenne og overhalde dei trafikkreglane som gjeld der du syklar.

Siden syklar, elsyklar, elektriske sparkesyklar andre små elektriske køyretøy er definerte som køyretøy, skal du i utgangspunktet følgje dei same reglane som andre køyrande når du syklar på desse.

Det er vegtrafikklova sin § 3 som ligg til grunn for trafikkreglane, og han skal sikre at alle som går, syklar eller køyrer, skal ferdast sikrast mogleg. Det betyr at du har eit personleg ansvar for at åtferda di i trafikken ikkje skaper farlege og vanskelege situasjonar for andre trafikantar.

Vegtrafikkloven § 3 seier at «Enhver skal ferdes hensynsfullt og vere aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn overfor dem som bor eller oppholder seg ved vegen

Begrepa omsynsfull, aktsam og varsam i paragrafen vil seie at du må vise omsyn og vere merksam og forsiktig i trafikken.

Passasjerar på sykkel

Det er tillate med passasjerar på sykkelen, men det er avgrensingar både når det gjeld alder og tal:

  • Du kan transportere inntil to barn under seks år, eller eitt barn under 10 år, på ein sykkel. Nyttar du i tillegg ein tilhengjar, kan du berre transportere eitt barn under 10 år på sjølve sykkelen.
  • I ein sykkeltilhengjar kan du transportere inntil to barn under seks år eller eitt barn over seks år. Dersom du berre har eitt barn i sykkeltilhengjar, er det inga aldersgrense.
  • Vekta av barn og eventuelle andre ting i ein sykkeltilhengjar kan ikkje overskride tilhengjaren sin maksimale nyttelast, som produsenten har oppgitt.

På små elektriske køyretøy, som elektrisk sparkesykkel, er det ikkje tillate med passasjer. Det er heller ikkje tillate å ha passasjerar i ein tilhengjar som er festa på køyretøyet.

Kvar kan du sykle?

Du kan i utgangspunktet sykle overalt så lenge du syklar med køyreretninga og følgjer skiltinga.

Det er forbode å sykle på motorvegar og på vegar som er skilta med forbod mot syklistar, for eksempel på nokre bruer og i mange tunnelar.

Som syklist er du mindre synleg enn bilar og meir utsett for ulykker. Ta ingen sjansar!

Sykle i vegen

Du kan sykle i vegen saman med biltrafikk. Då skal du følgje dei same trafikkreglane som andre trafikantar. Dette inneber for eksempel at du

  • har vikeplikt for trafikk frå høgre side
  • har vikeplikt for gåande som kryssar gangfelt
  • skal stoppe for rødt lys
  • skal gi teikn når du svingar
  • skal følgje fartsgrensa

Sykle i kollektivfelt

Kollektivfelt er eit eige køyrefelt i køyrebanen. Du kan sykle i kollektivfelt. Skal du sykle i kollektivfeltet, må du passe på å halde deg unna blindsona til bussen.

Sykle på gang- og sykkelveg

Dette er anlegg som er meint for både dei som går, og dei som syklar. Ta omsyn til at gåande på ein gang- og sykkelveg kan bruke begge sider av vegen, medan du som syklar, skal køyre på høgre side.

Sykle i sykkelfelt

Sykkelfelt er eigne køyrefelt i køyrebanen merka med skiltet «sykkelfelt» og oppmerking. Du kan berre bruke sykkelfelt på høgre side av vegen, det vil seie at det ikkje er tillate å sykle i begge retningar.

Dersom du er i eit sykkelfelt med eige trafikklys for sykkel, må du følgje dette. Trafikklys gjeld ikkje for deg om du syklar på fortau eller på gang- eller sykkelveg.

Det er ikkje tillate å sykle i begge retningar i sykkelfelt. Det er heller ikkje lov til å parkere eller stanse i sykkelfelt.

Sykle på fortau og gangveg

Du kan sykle på gangveg og fortau når du ikkje er til hinder eller fare for gåande. Er det mange folk på fortauet, skal du gå av og trille sykkelen. Skal du sykle forbi nokon, må du sørge for å tilpasse farten og halde god avstand.

Sykle over gangfelt

Du kan sykle over gangfelt så lenge du tar omsyn til dei som går. Når du syklar over gangfeltet, reknast du ikkje som gåande, og andre køyrande vil ikkje ha vikeplikt for deg. 

Sykle i einvegskøyrte gater

Einvegskøyring i gater og vegar gjeld alle som køyrer, både syklistar og bilistar. Men i nokre gater er det med underskilt vist at det er tillate å sykle i begge retningar. Syklar du mot biltrafikken i slike gater, må du vere ekstra merksam, fordi bilistar ofte ikkje forventar å få sykkeltrafikk mot køyreretninga.

Einvegsregulering er vanlegvis vist med skiltet «innkøyring forbode» i den enden det er forbode å køyre inn, og med skiltet «einvegskøyring» i den enden det er tillate å køyre inn. Er det unntak for syklistar, er dette vist med underskiltet «sykkel unntatt». Syklar du på fortauet, gjeld ikkje einvegsreguleringa.

Bot (forenkla førelegg)

Du kan bli bøtelagd med eit forenkla førelegg når du bryt trafikkreglane. Dersom lovbrotet er alvorleg, kan du bli meld til politiet. Bøtelegging og melding skjer oftast i samband med særleg farleg åtferd.

Sist oppdatert: