Du har vikeplikt for bussen på vegar der fartsgrensa er 60 km/t eller lågare. Du har alltid vikeplikt for trikken uansett om du går, køyrer eller syklar.

Vikeplikt for buss

Det står i trafikkreglane at «på veg med fartsgrense 60 kilometer i timen eller mindre har kjørende vikeplikt for buss når føreren gir tegn om at bussen skal forlate holdeplass. Bussføreren skal unngå fare».

Det betyr at bussjåføren har eit skjerpa ansvar, utan at dette fritar andre trafikantar for vikeplikta. Bussjåføren har, til liks med andre trafikantar, ansvar for å unngå å skape farlege situasjonar.

Han eller ho skal gi teikn og gi bilførarar tid til å bremse ned. Men om bussjåføren gløymer å setje på blinklyset, har du som bilist plikt til å avpasse farten til trafikkbiletet slik at du kan unngå farlege situasjonar.

Dette gjeld også ved busslommer og haldeplassar, ikkje minst fordi du må vere førebudd på å stoppe for fotgjengarar som kan kome ut i vegen.

Vikeplikt for trikk

Trafikkreglane seier at både gåande og køyrande skal gi fri veg for trikken, og om nødvendig stanse.

Som bilførar har du plikt til å planleggje køyringa slik at du ikkje hindrar framføring av trikken. Som hovudregel har bilistar vikeplikt for trikken, sjølv i kryss der trikken kjem frå venstre. Eit unntak er når trikken skal køyre inn i ei rundkøyring. Då er det trikken som har vikeplikt som følgje av skiltinga.

Fotgjengarar i fotgjengarfelt utan lysregulering skal vente til trikken har passert, før dei kryssar gata.

Du har også vikeplikt

  • når du kjem frå ei sidegate, uansett om trikken kjem frå høgre eller venstre
  • når du skal svinge i eit kryss der trikken passerer
  • dersom du skal køyre forbi ein trikk som står på ein haldeplass

Du skal køyre forbi med største aktsemd. Ifølgje § 12 i trafikkreglane er det forbode å køyre forbi trikken framfor eit gangfelt, og når sikten er hindra.

Konfliktar mellom trikk og andre trafikantar

Det kan oppstå konfliktar mellom trikk og andre trafikantar i følgjande situasjonar:

  • Parkering for nær trikkesporet og samanstøyt med parkerte bilar som står for nær trikkesporet. Trikken treng minst 70 centimeter på kvar side av spora på rett strekning og opptil 1,3 meter i sving. Dersom bilar er parkerte for nær trikkesporet, kan det resultere i store forseinkingar for trikken. 
  • Køyring for nær trikk i sving. Ein bil som køyrer for nær trikken i ein sving, kan bli treft av trikken sin bakre del. Trikken sin bakre del har eit utslag på inntil 1,3 meter utanfor skinnene i sving.
  • Trikk i rundkøyring. Trikken har annleis køyremønster i rundkøyringar enn annan trafikk ved at han køyrer gjennom sentraløya. Trikken har vikeplikt på tur inn i rundkøyringa, og medtrafikantar pliktar å gi han fri veg ut av rundkøyringa.

Trikken treng mykje lengre tid på å bremse

At andre trafikantar overheld vikeplikta for trikk, medverkar til færre fallskadar om bord som følgje av bråbremsing. Dei som blir hardast ramma av fallskadar, er eldre og uføre som har dårlegare balanse slik at dei lettare fell, og dei vil oftare bli skadde når dei først har falle.

Sist oppdatert: